- Vi er verkeleg heldige som har eit hus, ei scene og eit publikum som har slik tiltrekningskraft på store band, seier arrangementsleiar ved Fosnavåg Konserthus, Bjørn Holum.

Come Shine er tilbake i Fosnavåg, temmelg nøyaktig to år etter sitt førre besøk - som var ein av dei aller første konsertane på konserthuset.

- Det å oppleve Come Shine på ei lita scene som vår er gåsehudframkallande og nært. Det er ei totaloppleving som sit i sjela lenge, seier Holum.

Bjørn Holum fortel at dette er ein samanvevd og samanlevd kvartett der alle er med på å fortelje ei historie du trudde du hadde høyrt før.

- Vi får versjonar av klassiske låtar, alltid med ein klar idé og til tider elleville vrengningar! Det er både vart og kokande, dryssa med ein detaljrikdom som får deg til å miste pusten. Come Shine er noko av det hippaste og mest originale kollektiv som fins både innan- og utanfor våre eigne grenser når det gjeld å tolke standardmateriale frå ymse sjangrar. Slik var det i kvartetten si første epoke frå 1998 til dei tok ein lang pause frå 2004 til 2011 og slik har det fortsett sidan dei valde å vidareføre prosjektet. Come Shine er eit finstemt maskineri som liker å leika seg med musikalske illusjonar.

Fosnavåg konserthus inviterer til sitt populære klubbkonsept med småbord.

Come Shine er Live Maria Roggen – vokal, Erlend Skomsvoll – piano,  Sondre Meisfjord- bass, Håkon Mjåset Johansen – trommer.