I år er BlimE-gjengen frå NRK Super innom åtte skular på ulike stader i landet, og ein av skulane er altså Bigset skule.

- Det skil seg litt frå det vi gjorde i fjor, då vi var innom berre fire skular. Då var det også berre dansing, slik som vi gjer her på Hareid. Men, vi har funne ut at vi også vil ha "BlimE og syng" og "BlimE og spel" i tillegg til "BlimE og dans", seier hareidsdøling, kameramann og regissør Torgrim Grimstad til Vikebladet Vestposten.

BlimE-gjengen har difor laga seks instruksjonsvideoar for å lære borna å danse, spele trommer, spele fele, trompet, piano og andre instrument.

- Då vi var i Ålesund fekk vi med oss to frå KORK (Kringkastingskorkesteret) som instruktørar, for å lære borna å spele fele. Vi tok med borna til Klipra eldresenter, der over 40 felespelande born spelte refrenget og litt av verset på denne årets BlimE-song, seier Grimstad.

Denne biten blir så fletta inn i ei hovudsending 11. november.

- Denne går som vanleg midt på dagen, og her ser ein borna som dansar BlimE-dansen ute i distrikta. På kvelden blir det live-konsert med Kringkastingsorkesteret og Madcon i bakgården på NRK. Då fyller vi heile området med dansande born, instrumentspelande born og kor. Det blir kjempefint, seier Grimstad.

Mykje smil og glede

På Bigset møtte BlimE-opphavsmannen og hareidsdølingen born som i dag går på skulen han sjølv gjekk på. Med varaordførar Kristan Fuglseth som lydmann sette Grimstad og NRK-kollega Lene Wadseth Myren i gong. Grimstad med to kamera, eitt som stod i ro og filma heile gjengen, og han sjølv med eit anna, gåande midt i blant borna.

- Her var det mykje smil og glede å sjå, og det er heile poenget.

I rundt ein times tid var det innspeling, og dei flinke dansarane ved skulen heldt det gåande gjennom fleire opptak.

Stolt rektor

Rektor Vivian Johansen var veldig stolt over elevane sine.

- Her har heile skulen vore med, både elevar, lærarar og assistentar. Elevane øvde litt før haustferien, og nokre timar ein dag no etter ferien. Eg er veldig imponert over kor flinke dei er. Dette er heilt supert, seier Johansen.