Tysdag opna Bente Mork Blindheim og Alv Riise si kunstutstilling på Melshorn Hotell på Hareid. Det er andre gongen dei to stiller ut under Hareidsstemna.

- For meg er Hareidsstemna ein kald kveld, med frosne bilruter som ein må skrape og kanskje med første snøen som legg seg. Det er kaldt, og mørkt og du har sommardekk.  Men i dag er det heilt nydeleg. Der er oransje skog og det har vore 16 varmegrader, og ein skikkeleg herleg fønvind.

Og i den milde haustdagen var det mange som fann vegen til opninga av utstillinga.

- Vi hadde utstilling her i fjor også, og det var veldig vellukka, fortel Mork Blindheim. Det var også grunnen til at ho og Alv Rise ville stille ut også dette året.

- Vi ønskjer å kome oss ut og vise det vi styrer med, og ikkje minst treffe mykje kjekke folk.

"Rock'n'roll"

Når ein kjem inn i utstillingslokalet ser ein med ein gong at det er to kunstnarar som er glade i fargar.

- Eg har med meg litt forskjellig. Ein del natur og slikt, men aller best likar eg å male intuitivt. Berre sette igong å male og så ser vi kva det blir. Med skarpe fargar, eg brukar mykje farge, seier Bente Mork Blindheim.

Og fargane bit ein seg kjapt merke i også i bileta til Rise.

- Det er kunstens "rock'n'roll" det her. Det er hard sort, men eg likar å framstille kunsten med mykje fargar. Det skal smelle litt, seier han.

Og med dei kraftige fargane kan ein skimte kjende stadar frå lokalmiljøet.

- Eg likar å abstrahere ein del kjende motiv frå bygdene, både Hareid og Ulstein. Og så er det krydra med nokre ting som er heilt abstrakte. Då er det bevisst frå eg byrjar med biletet.

Ærefult stemnkunst-oppdrag

Bente Mork Blindheim har ikkje berre eiga utstilling under Hareidsstemna. I år vart ho også plukka ut som stemnekunstnar, og det sette ho svært stor pris på.

- Det var veldig kjekt og ærefult. Eg fekk oppdraget på våren, så då valte eg å lage eit vårleg bilete, med lys og grønt. Grønn glede, smiler Mork Blindheim.

Ho legg til at det var veldig stas å få eit slikt oppdrag.

- Eg var på kunstutstillinga til Aslak Fagermo og når dei delte ut biletet mitt, så kjende eg berre kor glad eg vart, seier stemnekunstnaren.

Ho og Alv Rise si utstilling er open kvar dag ut stemneveka.