Onsdag var det klart for framsyning i Hareidhallen og kvelden opna med songen ”Sirkel av liv”. Denne gongen var det kulturskulen sin solist Marie som fekk i oppgåve å sette stemninga. Med reine og klåre tonar vart det stilt i salen. Ho hadde hjelp i ein 10-klassing i baviankostyme, som ropte opningsorda på Swahili.

Sjarmerte sine eigne

– Der er Kevin, var det nokon i publikum som lo då bavianen hoppa av scena. Småkviskring om kven som skulle på scena i neste del, kunne høyrast i stolrekkjene.

– Hyenar i løveriket! Ropte nashornfuglen Zazu, og sprang inn på scena. Han rakk akkurat å bryte av far og son-samtalen om livets sirkel, og Simba vart kommandert heim.

– Å, men pappa, få vere med då! Eg får aldri vere med nokon stad! saut løvekvalpen. Publikum smålo.

– Så så, unge mann, trøysta Zazu. – Ein dag er du konge. Då kan vi jakte på siklete dumme stupidar, frå morgon til kveld!

Oppvekstforteljing

Ungdoms- og kulturskuleelevane tok oss med gjennom den kjende forteljinga om Simba.

Han vil vere konge, men er endå for ung og høg på seg sjølv. I lag med løvinnekvalpen Nala, nashornfuglen Zazu, bavianen Rafiki og seinare vortesvinet Pumbaa og Surikaten Timon, rotar Simba seg borti det aller meste. Med litt hjelp frå onkelen Scar, går det skikkeleg gale. Simba må ta ansvar og vekse opp. Ein nedslått løveungdom vart funnen på scenegolvet, av veneparet Timon og Pumbaa.

– Han ser svart på det, kommenterte Timon, og Pumbaa skaut inn: – Eg tykkjer han ser gulbrun ut!

Gåsehud og mage-lått

Nærare 80 born og unge var med. Alle kulturskulen sine fag vart tekne i bruk. Kulissar, dansenummer, musikk, dramatikk og lyd var sett saman av elevar og lærarar, heilt ned til fuglekvitteret i bakgrunnen.

Dei som venta på ei reprise frå The Sound of Musicals frå søndagen, måtte vente forgjeve. Kulturskulen og 10-klassingane hadde sett opp eitt sprekt stykke og gjort det til heilt sitt eige. Resultatet var ei blanding av sjarm, gåsehud-drama og lått som sat i magen på publikum. Kvelden enda med ståande applaus, utdeling av ungdomspris og framsyning av alle aktørane.

Kristine Hareide stod for kostymer og scenografi.

<strong>SOLIST:</strong> Det var opp til denne jenta å setje stemninga i opnings- og sluttnummeret denne kvelden.