– Hareid kommune synest dette er veldig kjekt, og er veldig glade for å kunne vere med på å dele ut denne prisen no under stemneveka. Dette er den gjævaste veka i året og det er alltid like kjekt, sa ordførar Anders Riise før han las opp grunngjevinga for årets kulturpris.

”Kulturprisen 2016 går til ein person som dei siste tiåra har bidrege sterkt til den lokalhistoriske kunnskapen om slektene i Hareid kommune. Kulturarbeid er å vere villig til å bruke av si tid til arbeid som kjem andre til gode, eller arbeid for å skape samhald og kjensle av tilhøyrsle. Kulturarbeid er å sjå verdien i at kvar og ein av oss er ein del av eit fellesskap. At det er vi innbyggjarane som samla utgjer bygdene våre og kommunen vår. Vi kjem ein stad ifrå. Vi står i relasjon til andre rundt oss. Vi er bunden av eit slektstre, og slektsbanda er viktige i forståinga av kven vi er og kvar vi kjem frå. Vår identitet.

Prisvinnaren har arbeidd innan dette lokalhistoriske i mange år. Hareid og Ulstein har felles bygdebøker. Bøker med gardar og folk kom ut med band fem og seks i 1985 og dei tek føre seg gardshistoria i Hareid kommune. Bøkene hadde ikkje register. Det var vanskeleg å finne fram. Dataalderen var i kjømda, og prisvinnaren såg at ein måtte nytte seg av dette til å lage ei registerbok til bygdesogene. I 1987 var registerboka ferdig og inneheldt namn på dei som var fødde etter 1850. Det utgjorde 15.000 namn frå bygdebøkene. Registerboka inneheldt fødselsår og samanknyting til tidlegare generasjonar og gjorde at boka kunne nyttast som sjølvstendig oppslagsbok. Den oppfylte eit behov i kommunane, den vart populær og vart utselt etter ti år.

Prisvinnaren starta i 1996 planlegginga av ei ny bok, og denne gongen med opplysningar om dei som bur på øya vår i dag, heller enn dei som budde her for lenge sidan. Personboka 2000 kom ut og inneheld det dei fleste i salen kjenner til, namn på personar som budde på øya vår i 2000, pluss borna deira, uansett kvar borna bur. Fødselsdato, dødsår, kven ein bur i lag med og kvar ein bur på øya. Og opplysningar om kvar innflyttarane kjem frå og kvar folk flyttar til.

Under arbeidet med Personboka vart det mange utflytta som ville ha med familien sin. Dei følte framleis sterk tilknyting til Hareidlandet. Plassmangel gjorde det umogeleg å få dette med i Personboka, men sidan forfattaren hadde samla namna ville han lage ei personbok også for dei utflytta. Dette arbeidet starta hausten 2004, tre år seinare var Utflyttarboka 2007 publisert. Med denne boka var verket for ei moderne bygdebok komplett. ”

Levekårsutvalet i Hareid kommune vel å gje kulturprisen, Hareidsprisen 2016, til Sverre Bjåstad.