- Opplev ein av dei finaste vokalistane i landet, nok ein gong på scena i Fosnavåg konserthus, med eit superlag av leikne musikantar i ryggen!

Det melder Fosnavåg konserthus i ei pressemelding i samband med at Sigvart Dagsland kjem til Herøy laurdag 29. oktober.

- Ei konsertoppleving med Sigvart Dagsland er eit møte med ein artist som beherskar publikumsrommet til fulle. Gjennom å vere fullstendig tilstades og med si uovertrufne røyst tek han publikum med seg, frå det sårbare menneskelege til kraftfulle stemningar og vokalprestasjonar. Alltid med eit skrått og tidvis gapskrattande blikk på tilveret sine mange fasettar. Og alltid med ein djup respekt for dei banda som bitt artist og publikum, forteljer og lyttar saman. I bagasjen har han låtar frå det mnye albumet sitt, samt høgdepunkt frå heile sin karriere, heter det i pressemeldinga.

Med seg på scenen har han følgjande musikarar:

Kristian Kvalvåg, gitarar.

Jango Nilsen, trommer & kor.

Torjus Vierli, keyboard & kor.

Tor Egil Kreken, bass, gitar & kor.

Mari Sandvær Kreken, sang, gitar & perkusjon.