Con Moto har over lang tid øvd inn 19 songar av Alf Prøysen, men desse songane trong å bindast i hop på ein fin måte. I vår tok koret kontakt med Dagfinn Olav Bye for å høyre om han kunne hjelpe, og det var ikkje nei i munnen til den drivne teatermannen.

– Kva tilhøve har du til Prøysen?

– Han er ein del av barndomen min. Eg høyrde han på barnetimen på radio då eg var liten, fortel Bye.

I vaksen alder har han ikkje høyrd på eller lese så mykje av Alf Prøysen, men han kjenner godt dottera til Prøysen, ho Elin.

– Så då eg vart kontakta av Con Moto fall det seg naturleg å seie ja, men eg har ikkje involvert Elin i arbeidet.

Lang røynsle

Dagfinn Olav Bye har lang røynsle med å setje opp teaterframsyningar. Han var dramalærar ved Ulstein vgs. i mange år. I tillegg har han hjelpt til med oppsettingar over omtrent heile Sunnmøre.

– Kvar kjem denne teaterinteressa frå?

– Det er vanskeleg å seie, men eg var med i studentrevyen i Oslo då eg var student. Det var der eg fekk lyst til å formidle gjennom teater, fortel Bye.

Og deretter tok han ei toårig teaterutdanning, der han fekk følgje ein del teateroppsettingar i Oslo.

På Ulstein vgs. arbeidde han i lag med Svein Eiksund. Eiksund var musikklærar, så det fall seg naturleg at dei samarbeidde med fleire oppsettingar på skulen. Dette samarbeidet første dei vidare til Con Moto, først i oppsetjinga «Thank You for the Music», og deretter «Young Beethoven». Dagfinn Olav Bye har også bidrege i fleire mindre prosjekt.

Ville fortelje ei historie

Då Con Moto kontakta Dagfinn Olav Bye hadde dei 19 songar dei hadde øvd inn som dei ville bruke.

– Det første som slo meg er at me må fortelje ei historie, seier Bye. Utfordringa var korleis han skulle fortelje historia, og kva historie skulle han fortelje?

Manusforfattaren og regissøren byrja gjere research, men materialet å ta av er stort. Bye plukka seg ut eit par biografiar om Alf Prøysen, og las ein god del artiklar om mannen.

– Ein av biografane meiner at Prøysen er ein av dei første norske popstjernene. Det vart ei ny oppdaging for meg. Eg har aldri tenkt på han slik, seier Bye.

Så måtte Bye finne ut korleis han ville formidle historia. Han valde å leggje handlinga til Prøysen si stordomstid på 50-talet. Så dikta han opp to fiktive personar som er kjenningar av Prøysen på 50-talet. Desse to figurane opptrer i eit fiktivt intervju, der publikum får høyre svara, men ikkje spørsmåla.

– Så då måtte eg finne to hedmarkingar, og det gjekk bra. Marit Messenlien Ingjerd og Morten Feiring gjer ein veldig god jobb, rosar Bye.

Desse intervjua er filma av Jan Kenneth Steinsåker og vil bli vist i seks bolkar mellom songinnslaga. Koristane er også filma. Dei er kledde i 50-talsklede, og me får sjå dei både i fest og arbeid. Filmsnuttane er sjølvsagt i svart-kvitt.

Bye har regissert koret så dei ikkje står oppstilt som eit kor, men at dei speler eit stilisert teater.

– Koret har vore utruleg samarbeidsvillige og sporty.

To dansarar frå Ørsta og Volda Ballettskule vil danse ein eigen koreografert dans til «Tango for to».

Dagfinn Olav Bye håpar at dei gjennom denne framsyninga har greidd å formidle historia om Alf Prøysen på ein underhaldande måte.

Prøysenkabaret

  • Førstkomande laurdag set Con Moto opp Prøysenkabareten «No ligg steinrøysa solvarm ...» på Sjøborg.

  • Einfrid Grindheim er dirigent for koret denne hausten. Ho har med seg Peter Demirov og Kåre Jørve. I lag utgjer dei tre musikarane eit orkester.

  • Dagfinn Olav Bye står for manus og regi.

  • Marit Messenlien Ingjerd og Morten Feiring stiller som ekte hedmarkingar.