Organisasjonen Krafttak for sang deler i haust ut pengar til kor som vil leggja ei av øvingane sine til eit lokalt asylmottak.

– Målet er å dei som bur på mottaket skal få høve til å syngja med koret, få eit innblikk i kva korsong er og kor flott det kan vera å syngja saman, heiter det på nettsidene til Krafttak for sang.

For å dekkja kostnader til utgiftene koret har i samband med øvinga, deler organisasjonen ut 2.500 kroner til dei 20 første kora som melder seg. Organisasjonen seier likevel dei vil prioritera geografisk spreiing.

Pengane kjem frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet og er meint å dekkja kostnader til informasjons- og motivasjonsarbeid, instruktør, tolk, transport, materiell og leige av instrument.

Alle kor som søkjer må anten vera medlem av Norsk korforbund, Norsk Sangerforbund eller Norges kirkesangforbund.