Sundag 5. februar neste år kjem "Noregs eldste boyband" til Sjøborg kulturhus i Ulsteinvik. Då skal publikum få oppleve nye sider av det kjende underhaldningsorkesteret.

I pressemeldinga heiter det at etter kjempesuksessen med 50-års-jubileumskonsertane har den populære gjengen i Ole Ivars verkeleg fått smaken på konsert- og showlivet. I Aldri FREåFÅ! tar Ole Ivars det endå eit hakk vidare. Når publikum no benkar seg i kulturhus og konsertsalar for å innta den nye Ole Ivars-menyen, får dei oppleve nye, underhaldande sider ved det som mange kallar Noregs beste live-band.

Kykelikokos

På denne turnéen har Ole Ødegård, William Kristoffersen, Tore Halvorsen, Willy Foss, Bjørn Elvestad og Morten Nyhus (fast vikar for Arild Engh) også med seg tidlegare Ole Ivars-medlem og Kykelikokos-gjøglar Jørn Kolsrud. Sama drar dei kvarandre ut i det som for Ole Ivars er eit nytt og spennande underhaldningsterreng. Dei har likevel ikkje gløymdt at dei skal ha den solide 50 år lange og velprøvde Ole Ivars-tradisjonen med seg i bagasjen.