Slike spørsmål er det historikaren Johan Ottesen drøftar i den nye boka «Gardsnamn i Ulstein».

– Opp gjennom åra har det naturleg nok vore mange tolkingar av dei ulike gardsnamna, matrikkelgardane i Ulstein, og fleire av dei er nokså luftige. – Folk har så lyst til å gripe det fantastiske, ikkje det kvardagslege, kommenterer Johan Ottesen, som heller vil halde seg til vitskapen enn til det han kallar ønsketenking.

Ottesen har jobba med stadnamn sidan 1970-talet, og var i 1975 med på å gje  ut heftet «Stadnamn frå Ulstein». Då vart stadnamna plasserte på eit kart, og han fekk mykje god hjelp av gymnasiastar som hadde historie som særarbeid.

Men i det heftet var det ikkje ei einaste namneforklaring.

Året etter hadde Ottesen ein artikkelserie i Vikebladet der han tok føre seg namna på matrikkelgardane.

Dyrenamnet Ulv

– Gardsnamn er kompliserte saker. Ta til dømes namnet Ulfstein. Mange har lyst til å tolke dette namnet ut frå den norrøne guden Ull. Eg trur heller det kjem av dyrenamnet «ulv». På 1400-talet skreiv Aslak Bolt Ulfstein. Seinare har skriveformene skifta, men på slutten av 1800-talet var Ulfsten igjen blitt den vanlege. Etter kvart har skriveforma tilpassa seg uttalen. Rasmus J. Ulfstein var handelsmann, og hos han har namnet Ulfstein festa seg. Hos andre har namnet etter kvart blitt Ulstein, forklarer Ottesen, som altså ikkje trur at namnet skriv seg frå guden Ull.

– Eg trur namnet har kome frå fjellet Ulsteinhetta – og at folk har sett ein formasjon i fjellet der som liknar på ein ulv, seier han.

Også namnet Hovset har vore utsett for fantastiske forklaringar:

– For om kring 100 år sidan var namnetolkingar som kunne knytast til vikingtid og norrøne gudar svært populære, og gardsnamn som byrja på «hov», eller hadde med namneleddet «hov», var prestisjenamn.

I boka til Ottesen står det blant anna om norsk-amerikanaren Magnus Bjørndal, som engasjerte seg i debatten om kvar jomsvikingeslaget skulle ha stått, og han framheva ein større stein på Hovset: «Der har vore eit hov der ein ofra til gudane Odin og Tor. Vi veit at Eirik jarl skunda seg dit midt under slaget i Hjørungavåg og ofra sonen sin på denne steinen for at dei skulle vinne slaget», skriv Bjørndal.

Men Ottesen har ikkje tru på denne teorien.

– Ser vi rundt oss, så er det lett å oppdage at namn som Hovlid og Hovleite på Hareid og Hovstøylen på Saunes og i Dimna ligg på høgder. Hov har utvikla seg frå «høg», meiner Ottesen, som legg til at høg er eit låneord frå svensk.

Hovlid og Håbakk, Håheim og Håvoll kjem av det same.

Ikkje mannsnamnet Ring

Også namnet Ringstad har ulike tolkingar. Fram til for få år sidan var det nesten automatikk i å forklare gardsnamn med sisteleddet -stad med at førsteleddet var eit personnamn. Men i følgje Ottesen er det i dag ein utbreidd skepsis mot å forklare gardsnamnet Rigstad på denne måten.

– Mannsnamnet «Ring» er avgjort eit sjeldan mannsnamn. Gardsnamnet Ringstad derimot finn vi 15 stader rundt om i landet.

Ottesen trur det er meir sannsynleg at namnet Ringstad kjem av ringforma formasjonar.

– Akkurat der vi køyrer over brua på Ringstad gjer elva ein markant bøy, og eg kjenner meg trygg på at namnet skriv seg frå den sterke bøyen på Haddalelva rett nedanfor tuna på Ringstad.

Johan Ottesen er fødd og oppvaksen på Osnes, og han har vakse opp med den populære forklaringa til H.B. Osnes om at Osnes har opphavet sitt frå «Os»; ås = gud.

– Då ville Osneset tyde Gudeneset, Oshaugen tyde Gudehaugen og Osberget tyde Gudsberget.

– Det er sjølvsagt ei stasleg tolking, men eg har ikkje tru på ho, slår Ottesen fast.

Han har fundert lenge på eit alternativ og ei tid tenkte han at forklaringa låg i det gammalnorske ordet «ost», som tyder halsgrop.

– Bytet mellom Osnes og Skeide går på Halsen, nedanfor Osberget, og vi har namnet «Halsehola» på Osnessida. Osberget kunne då bli «Halsgropberget» og Halsehola ligg ikkje så langt frå Oshaugen.

Men Ottesen har gått vekk frå denne teorien.

– Eg har landa på at Osneset enkelt og greitt kjem av «os», munning. Vi har til dømes Osnes-namnet på Nordfjordeid, og det ligg heilt nede ved utløpet av elva.

– No er landskapet på Osneset endra, men før var Sandbadet det mest særprega på Osneset. Det tronge sundet mellom Osneset og Boholmen var til dels tørt på fjøre sjø. Utanfor der opna Ulsteinfjorden seg i seglløpet mellom Boholmen og Kloholmane.

Den viktigaste kjelda Ottesen har brukt i boka er Oluf Rygh sitt verk «Norske Gaardnavne», og han har eit temmeleg stort bibliotek med norske og svenske stadnamnbøker.

– Eg har prøvd å dra ein konklusjon der eg synest det er mogleg. Eg reknar ikkje med at alle vil vere samde med meg, men eg prøver i alle fall å presentere alle tolkingane eg kjenner til i boka.

På spørsmålet om kvifor han har synest det er viktig å gi ut ei bok om gardsnamna i Ulstein, svarar han: – Eg vil tru at ein god del folk synest det er greit å få avklart identiteten sin. At dei vil like å forstå kva som er opphavet til det som omgir oss. Eg synest det er spennande å finne forklaringar på vanskelege ting. Anten det er stadnamn eller båthistorier.