Roy A. Dahl har hatt ei rekkje utstillingar i Ulsteinvik. Publikummet her likar bileta hans, og han likar seg i Ulsteinvik.

– Ulsteinvik er veldig sentralt. Eg bur i Langevåg og kjem frå Herøy, så då ligg Ulsteinvik sentralt plassert, kommenterer kunstnaren.

Fredag til sundag har han på ny utstilling i Convexhusa. Sist laurdag var han innom utstillinga til Olav Hareid Ulstein. Dahl likte godt bileta. Siste helga før jule blir det juleutstilling med dei to i lag. Gallerist Bjarne Wærdahl synest bileta deira passar godt i lag. - Dei har ulike uttrykk. Ingen av dei måler fotografisk. Det er impresjon, gjenskaping av det dei ser, seier galleristen.

"Heimebane"

Samarbeidet mellom Roy A. Dahl og Wærdahl har vart i mange år. - Det er i grunnen heimebana mi dette, seier Dahl. Han likar godt lokala til galleriet i andreetasjen på Convexhusa.

– Det er dei beste, rosar Dahl. Lokala er fine og dei er sentralt plassert i sentrum. Det gjer at det er lett for kven som helst å stikke innom. Dahl likar at mannen i gata kjem på kunstutstilling.

– Eg er eit galleri for ålmenta, seier Wærdahl og håpar at han når det breie lag med kunsten han stiller ut i lokala sine. - Det er enorm entusiasme frå besøkande publikum. Det er ikkje finkultur å gå på utstilling, det skal vere for det breie lag.

Har våga meir

På oppmoding frå galleristen har Dahl måla tre julebilete. Men dei er ikkje meir julete, enn at dei kan godt henge oppe heile året. På to av bilete ser me ei kvinne og to barn som står og ser ut av vindauget.

– Advent er ventetid. Og jul har litt med barndom å gjere. Dette er noko eg kan kjenne igjen frå min barndom. Faren min var fiskar og me venta gjerne på heimkomsten, forklarer Dahl.

Men det kan også vere andre ting ein ventar på. Der får sjåaren tolke sine historier inn i kunsten.

Dahl synest det er greitt av og til å jobbe etter tema. Det eine biletet fører til det andre.

Der er også naturbilete, og ein kan sjå ei utvikling i uttrykket i bileta.

– Eg vågar meir, seier Dahl og vedgår at han har fått eit litt røffare uttrykk.

Det blir rundt 30 bilete på utstillinga. Prisen på bileta er 10 000-30 000 kroner.