Fire kor går no saman om å arrangere ein konsert til inntekt for vesle Adele Elvira Høydal Sande. Dei er: CorSonus, Tolvtetten, Cervix Vocales og Brandalskoret.

Initiativtakar er Trude Børjesson Sørdal frå Hareid, som syng i CorSonus.

Til Vikebladet Vestposten fortel Trude at saka har gått innpå henne – og mange andre  også – slik at ho tok initiativet til å arrangere konsert til inntekt for familien, slik at vesle Adele Elvira kan få det ho har behov for av utstyr og medisinar.

– Situasjonen hennar har gripe meg sterkt, og dessutan jobbar mannen min saman med pappaen til Adele Elvira. Mannen min har fortalt meg at det er tungt når ein arbeidskollega har det så tøft. Eg byrja då å tenkje på kva vi kunne gjere. Så kom det til meg; eg ville få saman fleire kor og halde ein eigen korkveld for Adele Elvira. Slik blei det, og både kora som er med og andre sponsorane har vore heilt supre, seier Børjesson Sørdal.