Kyrkjerommet i vakre Hareid kyrkje var pynta med flotte dekorasjonar, laga av kunstelevane ved kulturskulen. Med denne fine ramma rundt det som skulle skje framføre alteret, var alt lagt til rette for ein fin kveld i kyrkja. Og det blei det også.

Musikkskulelærar Brigitta Hauge var veldig stolt over det elevane hennar og dei andre i musikk- og kulturskulen viste fram.

– Det er dette vi jobbar for. Vi vil vise fram kva vi har øvd på, og eg er veldig stolt over det alle viste fram for publikum i kveld, seier ho.

– Viktig med tradisjonar

Hauge fortel at julekonserten i Hareid kyrkje er ein tradisjon som musikk- og kulturskulen ser på som viktig å halde på.

– Det er viktig at vi held på tradisjonane våre. Desse borna elskar å opptre, og dei elskar å synge og spele. Så er det også noko ekstra med julesongane, dei gir ei ekstra god stemning, seier Brigitta.

300 elevar

Hareid musikk- og kulturskule tel i dag over 300 elevar, men sjølvsagt var ikkje alle til stades i Hareid kyrkje.

Musikk- og kulturskulerektor Torgeir Hauge leia konserten med stø hand, og presenterte kvart enkelt innslag. Han passa også godt på å få med kva instrument elevane spelte på.

Etter allsongen «Nå tennes tusen julelys» var det klart for kveldens første elevkor. Dei song «I en natt» og «Å, du herlege». Så kom ein trio fram og framførte «Little Drummer Boy».

Det var også fleire andre flotte nummer under konserten. T. d. Sigrid Pilskog sin gitarversjon av «Tenn lys», akkompagnert av musikkskulelærar Jan Ramstad.

To spelte piano denne kvelden. Michael Grzybowska først, med ein eigenkomponert song, «The forest». Så var det Svenning Veiseth, vinnaren av Ungdommens kulturpris 2016, som spelte to songar, «The first noel» og «Away in a manger».