På pauserommet på Hadartun sjukeheim på Hareid sit det seks damer. Nokre av dei skal jobbe i jula i år, nokre av dei hadde stafettpinnen i fjor. Det er noko heilt særskilt med jula på sjukeheimen, meiner dei.

Er ikkje åleine

– Du lagar jul for nokon, du feirar ikkje jul åleine, seier sjukepleiar Britt Marit Liaset Røren (29) Ho har jobba på sjukeheimen i 5 år.

– Dei tilsette seier til meg at det er svært koseleg å vere her julaftan. I utgangspunktet vil folk feire i lag med familien sin. Men vi har turnuslister slik at det vert kvar sin gong å jobbe jula, og når ein er innstilt på det, går det bra. Vi pyntar treet og lagar det til så det skal vere så koseleg som mogleg for pasientane i jula, seier avdelingsleiar Monica Skeide.

Prest og besteklede

Sjølve julaftan ordnar personalet til program til dei eldre. Dei passar på å pynte pasientane og kle dei i fine klede, slik at dei kan kjenne seg mindre som pasient, og meir slik dei kanskje ville hatt det dersom dei klarte seg sjølve. Båe avdelingane, korttids- og bueininga med 32 plassar, og skjerma avdeling med 17, har kvar sitt opplegg for dei eldre. Nokre vert henta heim til familien, andre er att på sjukeheimen. Nokon får besøk av ektefellane sine. I korttids- og bueininga som vi vitjar i dag, har dei andakt i vinterhagen tidleg på dagen. Då kjem presten ein tur.

– Tidlegare har både tidlegare tilsynslege Kjell Einar Ljones og prest Leidulf Grimstad kome ned til oss på julaftan. Nokre gongar har familiane vore med, fortel avdelingsleiaren. Grimstad vart ordinert til prest i 2015.

Dødsfall på julaftan

I jula som andre dagar på ein sjukeheim, kan det uventa hende. Dei tek imot naudstilfelle og sjukeheimen går som han plar, sjølv om det er jul. Då er det godt å ha ekstrahjelp.

– Vi leiger alltid inn ekstra hjelp slik at dagen skal gå best mogleg, fortel avdelingsleiar. Sjukepleiar Perdis Holstad (45) legg til:– Vi har hatt eit dødsfall på julaftan eitt år. Du må vere budd på at det meste kan skje sjølv om det er jul. Det skjedde ein annan stad på huset, og tidleg på dag, fortel ho.

På låven sitter nissen

– Dersom du har kveldsvakta byrjar du om lag kvart på tre. Då er det middagen som kjem fyrst, fortel Holstad. Ho har jobba på sjukeheimen sidan 2004. Tidlegare i desember hadde personalet julebord for pasientane, slik dei har kvart år. Perdis stilte som sjølvaste julenissen i underhaldninga dei hadde laga til, eit oppsett av julesongen ”På låven sitter nissen”.

- Dei som var på jobb den dagen fekk vere juleenglar med glitterglorie, av di arbeidskleda er kvite, smiler Ruth Farstad (54). Ho har jobba på Hadartun i 29 år, og har sett fleire julefeiringar. – Du skulle sett så glade dei vart, fortel Skeide. Ho viser fram ein video av framsyninga. Personalet utkledt som nisse, reinsdyr, rotter og andre dyr frå julesongen, står midt på golvet og syng av full hals. Publikum klappar og ler.

Personalet veit å gjere stas på både kvarandre og sjukeheimen. I ei kasse ved stolen til sjukepleiar Marit Djupvik ligg kalenderpakkane som dei har spara på til julekvelden. I vindauget heng det peparkakehjarte med fargerik glasur og nonstop på. Desse har pasientane vore med på å lage sjølv. – Vi gjer det vi kan for at pasientane skal ha det bra. Det er mange som legg sjela si i å gjere det koseleg her, og pasientane har vore flinke og hjelpt oss med pynten, smiler avdelingsleiar Skeide og sjukepleiar Perdis Holstad. Ho forsvinn ut døra etter resten av kobbelet med sjuke- og vernepleiarar, og slik fortset desemberdagen.

Heile personalet som figurane i ”på låven sitter nissen”. Perdis Holstad har stjernerolla som julenissen.2.: Pause. Britt Marit Liaset Røren, Perdis Holstad, Ruth Farstad og Karoline Flø.3.: I vindauget heng pepperkakehjarte som pasientane på Hadartun har vore med å lage.