Når ein spaserer forbi den gamle skulen på Flø, no utfaldingsrom for kunstnarar og samlingsplass for folk i Ulstein kommune, kan ein høyre drønna idet falla frå bølgene bryt vassflata. Lukta av roten tang kilar i nasa. Sunnmørsvinden hyler i øra og gjev kinna ein varm raudfarge. Så møter blikket barhuda entusiastar som trakkar seg ut av våte neoprendrakter.

Ein vintersport

For mange turgåarar, og andre nysgjerrige tilskodarar, er det kanskje vanskeleg å forstå dei som stavrar seg over dei glatte rullesteinane ut i det iskalde vatnet på Flø. Bølgesurfing er ein aktivitet som for mange forbindast med varmare temperaturar og eksotiske sydhavsøyer. Men Tommy Skeide kan fortelje at surfing er ein vintersport for folk på den nordlege halvkula.

– Det er ikkje noko kaldare enn å vere ute på ski. Vi har godt og varmt utstyr, seier Skeide og fortel at dei beste bølgene kjem no på vinteren.Spesielt jula er høgtid for surfarar.

– Her ute har vi på skøy døypt om juledagane til surfeafta, 1. Surfedag og 2. Surfedag, humrar Skeide, som også kan fortelje at dei lokale surfarane mellom anna har surfa med nisselue på for å markere høgtida.

Lokal entusiast

Han er fødd og oppvaksen på Skeide, men har no flytta til Ålesund. Skeide har surfa på Flø i vel 14 år no, og kan utvilsamt reknast for å vere blant dei meir rutinerte surfarane i området.

- Vi var ein gjeng som lærte oss å surfe i Portugal. Vi blei svært overraska då vi fann ut at bølgene på Flø var minst like gode, seier Skeide.Flø er ein god plass å surfe, ifølge Skeide. Ein har både eit såkalla “point break”, eller eit oddebrott, og eit fungerande “beach break”, eller strandbrott, rett ved kvarandre. Desse typane brott har ulike kvalitetar ved seg.

Medieskye surfarar

For surfarar generelt, er bølger utan mykje folk på mangelvare. Den folketomme bølga er eit ideal for dei fleste surfarar. Færre folk i vatnet betyr fleire bølger for kvar einskild og mindre forstyrringar. Det å hegne om sin lokale surfeplass er også eit ideal. Surfarar er difor notorisk lite glad i merksemd.- Eg får vel mykje tyn frå kompisane mine no for å stille opp i lokalavisa, glisar Skeide. Likevel etterlyser han fleire lokale surfarar.- Vi var ein gjeng som jobba på Rolls Royce som surfa mykje, men fleire, inkludert meg, har flytta. Det er nokre igjen. Ellers er det no ein gjeng frå Volda og andre folk som reiser lengre avstandar for å komme til Flø, seier Skeide.

- Heimplassen min

Kamilla Sporsheim, frå Vågeskaret på Dimna, omtalar Skeide som ei «surfelegende på Flø». Ho synest det er noko spesielt ved å surfe på Flø, sjølv om ho mellom anna har budd eit år på Hawaii.

- For meg handlar det mest om at det er heimplassen min. Eg vert varm i hjartet av å fortelje andre om Flø, seier Sporsheim.

Leik og moro

Sporsheim lærte seg å surfe då ho gjekk på folkehøgskule i Lofoten. Å surfe i Norge, beskriv ho som «vilt og herleg». Kombinasjonen av den spektakulære naturen og det røffe veret og klimaet gjer surfing til ei unik oppleving her til lands. Men i motsetning til Skeide, som gjerne jaktar på dei største og villaste bølgene, handlar surfing for Sporsheim kun om leik og moro.

- For meg handlar det ikkje om «kicket» nødvendigvis. Følelsen av å vere i vatnet med surfebrettet er heilt ubeskriveleg, seier Sporsheim.

Juletradisjon

Ettersom ho no bur i Trondheim, så blir det mest i feriane. Sporsheim seier ho blir desperat etter bølger, og beveger seg gjerne ut i nesten kva som helst slags forhold når ho først er heime. Uten surf blir det ikkje heilt julestemning.

- Julesurf er ein juletradisjon, seier ho avslutningsvis og ler.

Tommy Skeide har surfa på Flø i fjorten år.