– På topp finn vi Kongens Nei og Børning 2. Samstundes pustar «Snekker Andersen og Julenissen» Børning 2 i nakken og før året er omme har vi tre norske filmar på topp. Det må seiast å vere særskilt gledeleg at det er norske filmar som toppar listene, seier kinosjef Kristine Brungot.

Felles for dei tre norske toppfilmane er at Anders Baasmo Christiansen spelar i alle tre. Han må seiast å vere årets blockbuster-magnet.Kinosjefen melder elles at det har gått retteleg bra på norske kinoar i år. På landsbasis har ein så langt hatt ein auke på 10 % i høve fjoråret. Dette er eit av dei beste åra på lenge. Sjøborg kino ser også ut til å ende på vel 10 % besøksauke.

– Med nærmare 33.000 besøkande vil kinoåret 2016 bli eit nytt rekordår for kinoen, noko som er særs hyggjeleg då vi også har fått ny kino Fosnavåg. Det er også svært positivt at besøket per framsyning også har auka, og dette ligg godt over snittet ved norske kinoar, strålar kinosjef Brungot.

Ho kan fortelje at også 2017 blir også eit spennande kinoår, og det brakar for alvor laust med filmen om Marcus & Martinus i januar, og Fifty Shades Darker i februar. 2017 er elles jubileums-år for Sjøborg kino, noko som vil verte markert utover året. Men før den tid er det årets julefilmar som står på kinoplakaten, med den store Hollywood-produksjonen til Morten Tyldum, Passengers, som eit av høgdepunkta. Det blir også eit fornøyeleg gjensyn med Allan Karlsson i «Hundreogettåringen som stakk av frå regningen og forsvant, komedien «Why Him?», «Rogue One: The Star Wars Story» - og sist, men ikkje minst, jula sin store familiefilm, Torbjørn Egners «Dyrene i Hakkebakkeskogen» .