Dramaserien "Hjemmebane" handlar om Helena Mikkelsen (spelt av Ane Dahl Torp) som blir Noregshistorias første kvinnelege fotballtrenar på toppnivå.

Me følgjer Helena gjennom fotballsesongen det ho må vinne respekta til spelarane som ikkje trur på henne, supportarar som ikkje likar henne og ein klubb som når som helst kan gje henne sparken.

Me følgjer Helena, spelarane og klubben både på fotballbanen og heime, og korleis dei prøver å få dei to arenaene til å gå opp med kvarandre.

"Hjemmebane" er eit samarbeid mellom Motlys og NRK. Serieskapar og forfattar er Johan Fasting.

Det blir 10 episodar på 45 minutt kvar.

Serien blir spelt inn i Ulsteinvik frå mars til oktober i år. No søkjer dei statistar til serien. Dei er på jakt etter folk i alle aldrar til småroller, litt større roller og statistar. Sundag 15. januar blir det informasjonsmøte på Sjøborg der dei vil informere om serier, kva det inneber å vere med. Alle som vil kan stille spørsmål, og dei registrerer alle som er interesserte i å vere med.

Kulturkontoret i Ulstein kommune oppmodar alle som har lyst, eller er nyfikne, til å møte. Dei håpar også at alle som er leiar i eit idrettslag, korps, speidar eller andre organisasjonar om å tipse sine grupper.