Finst det ein snev av lukke i den nye italienske espressomaskinen? Eller kanskje det hjelper å dra på shopping? Ein time hjå psykologen kunne kanskje òg ha hjelpt, i alle fall om du hugsar kva problemet ditt var.

Før nyttår såg nærare 1300 framsyninga i Molde.

Teatret Vårt startar nyåret med å ta «Brevduene» på fylkesturné – ein moderne komedie om kunsten å forsvinna sporlaust. Ein åtvarar mot smelling av dører, høgt hår og vågalt språk.

Romsdals Budstikke trilla terning 5; «teatersprint i kjappe, vittige og til dels absurde dialoger!». «Den kjappe, vittige og intrikate dialogen setter store krav til skuespillerne. Her er for meg Sondre Krogtoft Larsen den største eneren. Han har en innlevelse og dybde til sin karikerte og svært plagete mobbeoffer.», skriv ein oppglødd teatermeldar etter premieren i Molde.

Handlinga, kort oppsummert

Robert driv ei mindre verksemd, men ønskjer å trekkja seg attende og bruka tida på ein ny hobby; brevduene sine. Han drøymer om å forsvinna sporlaust.

Nestsjefen Holger har ikkje på nokon måte lyst til å overta sjefsstolen. Han kjenner seg mobba av kollegaene sine. Med god grunn. I randsonene på julebordet i verksemda vert frustrasjonene lufta, og på heimefronten er det lengta ut og ønsket om å sleppa ansvaret som pregar dialogen.

Aktørane i denne komplette galskapen er Sara Fellman, Bjørnar Lisether Teigen, Thomas Ottersen, Marte Mørland, Sondre Krogtoft Larsen, Johanna Mørch, Line Brå Johansen og Martin Karelius Østensen.

Velkomen til ein kveld med hysteriske forviklingar i det opne kontorlandskapet.

Den 11. januar kjem dei til Sjøborg kulturhus i Ulsteinvik med framsyninga.