I løpet av 2016 har Norsk Tipping fordelt 448 millionar kroner til over 26.000 lag og foreiningar over heile Noreg i Grasrotmidlar. Også her på våre kantar har lag og organisasjonar nytt godt av denne ordninga.

I Hareid er det Hareid Idrettslag som toppar lista. Idrettslaget har fått tildelt 181.981 kroner i Grasrotmidlar i 2016, fordelt på 306 registrerte gjevarar.

På andreplass finn vi Hjørungavåg Idrettslag som fekk 38.031 kroner. Hareid skulekorps på tredjeplass fekk tildelt 28.865 kroner, medan Sunnmøre Golfklubb fekk 25.562 kroner.

Bigset skulekorps kunne glede seg over eit tilskot i korpskassa på 24.853 kroner. Hareid Revmatikarlag er registrert med berre 14 gjevarar, men desse har bidratt med 22.475 kroner til revmatikarlaget.

Litt overraskande kanskje, at oversikta frå Hareid også  inneheld Ulstein Basketballklubb som 17.627 kroner i Grasrotmidlar frå tipparar i Hareid, noko som er ein sjuandeplass. Hjørungavåg skulekorps får til saman 15.704 kroner. Stratus Paragliderklubb Sunnmøre får 10.305 kroner medan Hareid Sanitetslag får 9.124 kroner.

Hødd IL toppar lista i Ulstein

I Ulstein er det naturleg nok Hødd IL som rangerer øvst på lista over Grasrotmottakarar. 459 registrerte gjevarar har gitt 183.454 kroner i klubbkassa. Dette er likevel berre rundt 2.500 kroner meir enn det Hareid Idrettslag fekk med sine 306 gjevarar.

Hasundgot IL har fått 57.095 kroner i Grasrotmidlar i 2016. Det har også eit anna idrettslag, nemleg Dimna IL som har fått 42.497 kroner. På fjerdeplass i Usltein finn vi Haddal IL som har fått 38.788 kroner.

Ulsteinvik skulekorps har fått 26.646 kroner, medan Foreningen for hjertesyke barn har fått 26.232 kroner. På sjuande plass finn vi Hødd sin supporterklubb, Blåsarane, som har fått 21.130 kroner. Haddal musikkorps har fått 14.994 kroner, Hørselshemmedes landsforbund 13.271 kroner og Ulstein Skateklubb 9.822 kroner.

Bergsøy IL får aller mest

Også i Herøy er det eit idrettslag som toppar lista. Det er Bergsøy IL som elles er den desidert største mottakaren av Grasmotmidlar i dei fire kommunane Hareid, Ulstein, Herøy og Sande. 249.511 kroner fekk dei, fordelt på 552 givarar.

På andre plass i Herøy finn vi Tjørvåg Idrettslag som har fått 152.726 kroner og på tredje finn vi Gurskøy Idrettslag med 114.319 kroner. Også på fjerdeplass flinn vi eit idrettslag, nemleg Moldtustranda IL med 96.841 kroner.

Herøy Sanitetsforening har fått 44.649 meir å rutte med takka vere Grasrotmidlar. Kvalsvik og Nerlandsøy Musikkorps har fått 26.054 kroner. Moldtustranda Skyttarlag har fått 25.163 kroner. LHL Søre Møre, Herøy Sande og Vanylven, har fått 22.407 kroner.

I oversikta over Herøy finn vi også Bergsøy Blandakor som har fått 20.863 kroner og Jøleik Skulemusikkorps som har fått 19.402 kroner.

Får mest i Sande

Gjerdsvika IL er øvsta på lista over mottakarar av Grasrotmidlar i Sande. Idrettslaget har mottatt 40.428 kroner. På andreplass er Sandøy Idretttslag med 39.340 kroner, medan Larsnes Gursken FK har fått 34.846 kroner. Gursken Idrettslag har fått 34.037 kroner.

Barnekoret Småtroll har berre 20 registrerte givarar, men dei er til gjengjeld ivrige tipparar og kunne bidra med 27.305 kroner til koret. Kvamsøy Idrettslag og Larsnes Idrettsløag har fåått inn høvesvis 22.225 kroner og 19.913 kroner kvar.

Gursken Brass har fått 14.440 kroner, HML Varden har fått 13.151 kroner og Gursken Skulekorps 12.534 kroner.