– Vi gler oss og håpar å treffe mange nye folk, samstemmer dei frivillige ungdommane i crewet på Bell.

Bell Ungdomsklubb held til i Skollebakken aktivitetshus og har ope tysdagar og fredagar på kveldstid. Aldersgrense er frå 8. klasse til 18 år fredagar, medan tysdagar er også dei som fyller 13 i år velkomne.

- Vi opnar for 7.klassingar no etter jul fordi vi ønskjer at desse som nærmar seg ungdomsskulealder skal få sjansen til å bli kjent med ungdomsklubben. I tillegg får dei høve til å bli kjende med ungdommar frå andre krinsar i kommunen, seier ungdomsarbeidar Marie Flatin.

Glowparty og quizOffisiell opningskveld for 7.klassingane tysdag 10.januar blir feira med gratis smoothie og kake til alle besøkande.

- 7.klassingane som tek turen får også kvar sin glowstick då vi arrangerer glowdisco med limbokonkurranse. I tillegg har nokre av ungdommane i crewet laga klar ein kahoot, held Flatin fram.

Ungdomsarbeidaren håpar alle 7.klassingane i Ulstein har fått infoskriv ho har sendt til skulane. Der står det mellom anna informasjon om Bell Ungdomsklubb, som har som hovudmål å vere ein uformell treffstad for, av og med ungdom.

Nytt speleutstyrPå tampen av fjoråret fekk Bell Ungdomsklubb positivt svar frå Frifond på søknad om innkjøp av dyrt speleutstyr. Med 15 tusen kroner har ungdomsklubben mellom anna fått kjøpt inn VR-briller for Play Station 4 med ulike spel, og to ratt med girspakar.

- Dette er utstyr som ikkje alle ungdommar har heime og då er det kjekt å kunne tilby dette på ungdomsklubben. Vi har i tillegg mange andre spel som til dømes FIFA 17, Sing Star og Just Dance. Samla sett har vi utstyr som gir mykje moro og samstundes er sosialt, seier Marie Flatin.

Ulike aktivitetarKva slags aktivitetar og arrangement som skal skje på ungdomsklubben er mykje opp til ungdommane sjølve. Budsjettet gir ikkje rom til å bruke pengar på store aktivitetar og arrangement, men det er mykje ein kan søke om midlar til om interessa er der.

- Vi har også mykje utstyr på plass og difor er det ein del vi kan arrangere og gjere utan å bruke meir pengar. Erfaringa mi er at det ikkje nødvendigvis må skje så mykje heller. Dagens ungdommar opplever på mange arenaer krav om mestring. På Bell kan dei berre stikke innom og «henge med» venner, og bli kjende med nye folk. Samstundes er det mulegheiter for aktivitet og arrangement, fortel Marie.

Det er mellom anna ofte turneringar i biljard, bordtennis, air hockey og FIFA 17 då dette er noko ungdommane etterspør. I tillegg er det mange brettspel, og det blir frå tid til anna arrangert «opa scene» der ungdom får høve til å vise seg fram for kvarandre.

Frå Bell-scena til UKM- Det å prøve seg på ei mindre scene som Bell kan vere ei god øving før ein til dømes deltek på UKM (Ung Kultur Møtes). Fleire av dei som har vore deltakarar på UKM har først prøvd seg på Bell-scena, fortel Marie Flatin.

Årets UKM for Ulstein og Hareid er opna for påmelding og blir arrangert i Sjøborg kulturhus laurdag 4.mars. Ungdomsarbeidaren oppmodar barn og ungdom i alderen 10 til 20 år om å sjekke ut kva UKM er.

- Ta gjerne kontakt for meir informasjon!

Frivillige ungdommarBell Ungdomsklubb har to vaksne på jobb klubbkveldane i tillegg til frivillige ungdommar som er med som hjelparar. Det er per no 15 ungdommar med i crewet som bytter på å ha vakter.

Det er plass til fleire. Også 7.klassingar kan søke om å vere med og få vakter tysdagskveldane i første omgang.

- Det å ta del som frivillig er noko ein lærer mykje av, og slikt arbeid er kjekt å ha på cv`en når ein seinare skal søke jobb, meiner Marie.Ungdommane som er med i crewet hjelper til i kiosken, å rydde, styre musikken og ikkje minst arrangerer dei aktivitetar og bidreg til eit godt sosialt miljø på ungdomsklubben.MOT-klubb med rusfritt miljøUngdomsklubben er sjølvsagt rusfri. Det betyr at det heller ikkje er lov å bruke snus eller røyke på Bell sitt område. Dette gjeld også for 18-åringar. Om ungdom under 18 år bryt desse reglane blir det ringt heim til føresette og ein kan risikere å bli utestengt frå klubben for ein periode.

- Eg vil understreke at vi sjeldan opplever brot på desse reglane. Dette med alkohol og røyk har vi knappast opplevd siste åra, og per i dag er det også sjeldan vi opplever at ungdom brukar snus når dei er på ungdomsklubben, held Marie Flatin fram.

Bell er ein MOT-klubb der verdiane mot til å leve, mot til å seie nei og mot til å bry seg er viktige. Det blir arrangert eigne MOT-kveldar der også Ulstein ungdomsskule sine «Ungdom med MOT» er med og arrangerer aktivitetar.

- Bell Ungdomsklubb har godt med besøk. I snitt er det kring 50 ungdommar som er innom klubbkveldane. Nokre kveldar har vi hatt opp mot 100 besøkande. No ser vi fram til eit nytt år med mykje aktivitet og moro. Sprei ordet og bli med og lage ein kjekk ungdomsklubb med godt miljø, avsluttar ungdomsarbeidaren.