Nyttårskonserten, som går av stabelen på Sjøborg kulturhus to gonger laurdag 14. januar er eit av dei store høgdepunkta gjennom sesongen for begge korpsa, og utvilsamt for mange andre. Årets versjon er den 17. utgåva. I år er korpsa ekstra stolte over å få samarbeide med sopran Caroline B. Wettergreen og bariton Espen Langvik. Frode Dalhaug og Jette Hougaard Holstad er dirgentar, og saman har dei det musikalske ansvaret for konserten.

Ein ivrig og engasjert programleiar, som i år som i fjor er Kjersti Kleven, kan fortelje at det er godt med folk som har sikra seg billettar til konsertane allereie, men at det framleis er ledige for den som har lyst.

- Eg kan love at årets konsert blir veldig flott, og dei har lagt opp til eit ambisiøst repertoar, seier Kleven.

Verdskjende solistar

I fjor var det vår eigen Bror Magnus Tødenes og Yngve Søberg som var solistar. I år er det to nye, men godt kjende songarar som tek over stafettpinnen.

Caroline B. Wettergreen er bergensar, og har mellom anna ei masterutdanning frå Operahøgskulen i Oslo. Ho har vore alt i frå Solveig i "Peer Gynt" til Frasquita i «Carmen». Ho gjorde sommaren 2016 sin debut ved Komische Oper Berlin, som La Fee i Massenets «Askepott». Ei rolle ho har hausta mange lovord for.

Espen Langvik var til stades under øvinga laurdag, i det Vikebladet Vestposten var innom, og viste prov på ei heilt fabelaktig stemmeprakt. Han kjem frå Larvik og er utdanna frå Rogaland Musikkonservatorium, Statens Operahøgskole og Mannes College of Music i New York, USA. Han har hatt roller som Figaro i både Barberen i Sevilla og Figaros Bryllup, samt fått skryt av sjølvaste New York Times for rolla som Don Giovanni, og Papageno i Tryllefløyten, ein produksjon sett opp av Mannes College då han studerte i verdsmetropolen.

Innhaldsrikt repertoar

Programmet for konserten vil vere variert og innhaldsrikt med flotte song- og soliststykker, humor og grandios korpsmusikk. Av meir konkrete verk kan ein til dømes nemne at Espen Langvik vil synge "Cavatina" frå Barbereren i Sevilla, ein vil få høyre "I could have danced all night", frå My Fair Lady, samt Forrest Gump suite. Det i tillegg til mykje, mykje meir.

- Eg har sjølv høyrt korpsa og solistane øve, og eg kan skrive under på at det blir vakre tonar og høg gåsehudfaktor, seier Kjersti Kleven til slutt.