Denne veka starta NRK opptaka til årets utgåve av Klassequizen. I denne landsomfattande kunnskapskonkurransen får tiandeklassingar frå heile landet testa kunnskapen sin.

I alt er 441 skular frå heile landet påmeldt til konkurransen og her i fylket deltek 31 skular. Frå ytre søre Sunnmøre er det følgjande skular som skal delta: Hareid ungdomsskule, Stokksund skule, Ytre Herøy ungdomsskule og Åheim ungdomsskule.

Det er skulane sjølve som melder seg på til Klassequizen.

Konkurransen vert sendt i ettermiddagssendingane til NRK Møre og Romsdal på P1. Dei beste laga frå dei innleiande rundene vil gå vidare til lokale finaler og til lsutt vert det kåra ein fylkesvinnar som vil møte dei beste frå resten av landet i ei nasjonal tv-sendt finale som vert sendt i to delar den 13. og 20. mai 2017 på NRK1.