Nye sider Saman med tidlegare Ole Ivars-medlem og Kykelikokos-gjøglar Jørn Kolsrud kan det populære underhaldningsorkesteret presentere nye sider.

Nye sider Saman med tidlegare Ole Ivars-medlem og Kykelikokos-gjøglar Jørn Kolsrud kan det populære underhaldningsorkesteret presentere nye sider.

Landets eldste boyband til Ulsteinvik

Underhaldningsorkesteret Ole Ivars avslører nye sider

No er Ole Ivars, «Norges eldste boyband», ute på vegen med showkonserten «Aldri FREåFÅ»! Der får publikum oppleve nye sider ved det kjente underhaldningsorkesteret.

Søndag 5. februar gjestar dei Sjøborg i Ulsteinvik.

Frå presseskrivet deira kan vi lese følgjande: Etter kjempesuksess med 50-års-jubileumskonsertane har den populære gjengen i Ole Ivars verkeleg fått smaken på konsert- og showlivet. I Aldri FREåFÅ! tar Ole Ivars det enda eit hakk vidare. Når publikum nå benker seg i kulturhus og konsertsalar for å innta den nye Ole Ivars-menyen, får de oppleve nye, underhaldande sider ved det som mange kallar Norges beste liveband.I tillegg til kjente og kjære ingrediensar i form av velsmakande Ole Ivars-toner, har de tilsett ei ekstra stor ause med humor, nokre hektogram galskap, ei matskei med eksotisk musikk-krydder, og ein skikkeleg slump med godkjensle.

Kykkelikokos

På denne turnéen har Ole Ødegård, William Kristoffersen, Tore Halvorsen, Willy Foss, Bjørn Elvestad og Morten Nyhus (fast vikar for Arild Engh) også med seg tidlegare Ole Ivars-medlem og Kykelikokos-gjøglar Jørn Kolsrud. Saman drar de kvarandre ut i det som for Ole Ivars er eit nytt og spennande underhaldningsterreng. De har likevel ikkje gløymt at de skal ha den solide 50 år lange og velprøvde Ole Ivars-tradisjonen med seg i bagasjen.

Jubileumskonsertane som Ole Ivars hadde i forbindelse med 50-årsmarkeringa viste at publikum, som i mange år har dansa til Ole Ivars, også meir enn gjerne setter seg ned for å lytte og la seg underhalde av musikken, humøret og den gode stemninga det populære bandet alltid har med seg.Når de no har utvikla det vidare og kombinerer det med nye innfall, har det blitt det ein uslåeleg kombinasjon det har vist seg at publikum set svært stor pris på. Inne i sitt sjette tiår som band, har Ole Ivars framleis kraft og kreativitet til å overraske!

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 
Blir lest no
 

Eigedomstransaksjonar

Her er dei dyraste eigedomane i 2016

Nedgang i talet på eigedomar som gjekk for meir enn 4 millionar kroner frå 2015 til 2016.

Herøy toppar framleis

Men i november var det tett mellom fleire av kommunane i ytre.

Sjå kvar det er flest fritidseigedomar

I løpet av dei fem siste åra har 365 fritidseigedomar skifta eigar.

Vil ha folket i tale

Om hyttebygging, plassering av oppdrettsanlegg og massedeponi.

Fullt køyr ved Pelagia

Båtar har levert både sild og makrell

Fekk møte samferdselsministeren

- Ei skikkeleg vitamininnsprøyting å få møte statsrådar og dyktige folk frå næringslivet, kommenterer Karl-Oskar Sævik i Søre Sunnmøre FpU.

Urke vert med ut 2018

Jan Lennart Urke har forlenga kontrakten med Hødd eit år til

Rosenlund er til sals

Eigaren har bestemt seg for å gje seg med drifta av Rosenlund Marina AS.

Video: Slik vil Hareid kommune engasjere folket

Gjennom ein flunkande ny animasjonsvideo ønskjer Hareid kommune å forklare korleis folket kan påverke framtida til kommunen. Sjå video!

Trur det blir politi-vekst i Herøy

Og ordførar Arnulf Goksøyr håper også at passfotograferinga kjem tilbake til Herøy.

Island Venture vart levert tysdag

Ei overlevering som det er venta på lenge

Dei mest interessante bilnyheitene i 2017

2016 var det beste året for nybilsal i Noreg på 30 år og det tredje beste i historia. I 2017 står nyheitene i kø, med ei rad nye modellar som har stort salspotensial.

Håper på stort oppmøte

Tamilsk kulturforening byr inn til fest der alle nasjonalitetar er velkomne.