Linjefag og turar er sett til side ei periode på Sunnmøre Folkehøgskule. Denne og den komande veka handlar alt om nokre smokingkledde fuglar ein vanlegvis ikkje ser så mykje av på våre kantar.

Elevane er i full gang med øvingane til årets musikal, som denne gongen bygger på filmen «Happy Feet».

Går veldig bra

Då lokalavisa var innom folkehøgskulen fredag ettermiddag var elevane i ferd med å gå gjennom framsyninga. Det er framleis mykje som står att før premieren, men Ingri Brendsdal, Åshild Fjeldberg og Margrethe Hollund meiner framgangen dei første fem dagane har vore god.

– Det har gått veldig fort og det har veldig bra! seier dei tre.

– Eg hadde ikkje trudd at vi skulle ha kome så langt allereie, fortel Margrethe Hollund.

På knappe to veker øver folkehøgskulen inn og set opp musikalen, og i slutten av den komande veka får skuleelevar og barnehagebarn frå Ulstein og Hareid mogelegheita til å sjå resultatet. Og laurdag inviterer Sunnmøre Folkehøgskule familie og vener til framsyning på Sjøborg.

For elevane blir desse vekene noko heilt anna enn det dei gjer til vanleg, og det verkar som at musikalarbeidet har falle i smak så langt.

– Til vanleg går eg på friluftsliv og der går vi mykje på tur, men no får dei som er flinke til å danse eller synge moglegheita til å vise det. Det er ein del overraskande talent som kjem fram, smiler Hollund.

Mykje jobb

Og no jobbar også alle elevane saman om eit felles prosjekt, ikkje berre saman med sine eigne klasser.

– Vi blir nok betre kjende på tvers av linjene. Vi er meir samla som skule, seier Åshild Fjeldberg.

Før musikalen blir klar til å visast for publikum er det mange arbeidstimar som blir lagt ned, både på det som skal skje på scena, på kulissar, kostyme, musikk og mykje anna.

– Det blir mange timar kvar dag ja. Mykje arbeid! Men det har vore utruleg kjekt, seier dei tre jentene.

– Det er absolutt verdt det og eg trur det blir endå kjekkare når vi skal byrje å øve på scena, seier Ingri Brendsdal.

<strong>Sminke:</strong> Det blir lagt ned ein imponerande innsats for å forvandle elevar til fuglar.