Ein trengde ikkje vente lenge før 2017 fekk sitt første store kulturelle høgdepunkt i Ulsteinvik. Nyttårskonsertane med Musikklaget ULF og Hasund og Dimnøy Ungdomsmusikkorps er vanlegvis garantistar for flott musikk, sterke solistar og god stemning, og 2017-utgåva var ikkje noko unntak.

For på Sjøborg laurdag opna korpsa i full galopp og med champagne i glasa under leiing av Jette Hougaard Holstad.

Frå Champagne-galoppen og Lumbye gjekk turen vidare til ei av dei to solistane HDU og ULF hadde fått med seg, sopranen Caroline Wettergreen.

Svært dyktige solistar

Ho presenterte seg på Giacomo Puccini sin arie ”O mio babbino caro” frå operaen Gianni Schicchi, og det tok ikkje lange tida for å forstå at publikum hadde mykje godt i vente frå den dyktige bergensaren.

Neste mann ut var barytonen Espen Langvik, og han gjorde det han kunne for å vekkje publikum med sin entre. Langvik kom nemleg spurtande ned trappene og sklei inn på scenegolvet som Figaro frå Barbereren i Sevilla. Entreen var eit tidleg varsel om at Langvik kom til å gjere sitt for å også spreie mykje godt humør i tillegg til å imponere med si store stemme.

Og humoren var gjennomgåande i årets nyttårskonsert.

– Kva gjer ein med ein blåsar som ikkje heng heilt med? Gir han to stikker og plasserer han bakarst. Dersom det heller ikkje fungerer så tek ein frå han eine stikka og plasserer han fremst, skjemta konferansier Kjersti Kleven då Musikklaget ULF sin faste dirigent Frode Dalhaug skulle i elden for første gong.

Årets nyttårskonsert inneheldt eit godt variert program, frå opera og operette, via filmmusikk og musikalnummer til jazzmusikk og marsjar.

Hasund og Dimnøy Ungdomsmusikkorps og Musikklaget ULF klarte seg svært godt på eiga hand, som på ”Forrest Gump Suite”, ”Malagueana” og ”Abide with me”, men med så dyktige solistar var det naturleg at nummera saman med Caroline Wettergreen og Espen Langvik løfta det heile ytterlegare nokre hakk. Det viste dei mellom anna på ”Weisst du es noch?” og i ”Schwalben-duett”. Dei to solistane spelte godt på kvarandre og såg ut til å trivst saman på scena, men imponerte også kvar for seg, også i sjangrar dei ikkje er like vane med. Espen Langvik var mellom anna svært god på ”Empty chairs at empty tables” frå musikalen Les Misérables.

I det konserten gjekk inn i sin siste fase vart det fleire ”forviklingar” på scena. Før det faste avslutningsnummeret ”Radetzki Mars” mangla nemleg dirigent Frode Dalhaug.

– Ein får vel berre gjere som ein ofte gjer elles; late som ein kan det. Det kan vel ikkje vere så vanskeleg? sa kveldens konferansier før ho sjølv plukka opp taktstokken.

Det vart også tid til ekstranummer og dermed også tid til ekstra og velfortent applaus til både musikarar og solistar, som gav publikum ein svært god musikalsk start på det nye året.

Sjå stor bileteserie frå konserten i toppen av saka.