Søndag er det offisiell opning av Tufteparken i Ulsteinvik. Kort fortalt er dette ei samling enkle treningsapparat som kan nyttast av alle. Ved hjelp av ulike rørkonstruksjonar kan ein trene kroppen ved å løfte, strekke og bøye seg på alle tenkjelege måtar.

– Dette treningstilbodet kan nyttast av alle, uansett alder og fysiske ferdigheiter, seier folkehelsekoordinator Kristine Dale. Saman med dagleg leiar for frisklivssentralen, Kjersti Vengen, har ho vore med på å få på plass Tufteparken i Ulsteinvik. Det har skjedd i nært samarbeid mellom Ulstein kommune og Hødd Turn.

– Gjensidigestiftelsen og Sparebanken Møre lokalt har vore med å koste anlegget, fortel Kjersti Vengen.Dei to damene er svært nøgde med plasseringa av anlegget. Tufteparken ligg i tilknyting til turvegen som går over Bugardsmyrane. På denne måten er parken i gangavstand både for elevane ved skulen på Skeide og elevane ved Ulsteinvik barneskule og Ulstein ungdomsskule.

– Vi håper at folk vil bruke parken både til å trene og som ein møtestad. For den som er nyinnflytta burde dette vere ein fin stad å verte kjent med nye folk, seier Kjersti Vengen.

No er også arbeidet med å utvida parkeringsplassen ved Bugardsmyrane i full gang, sjølv om dette ikkje vert ferdig til opningsdagen på søndag.

– Både skulekorpset og turngruppa vil vere med å markere opninga av Tufteparken. I tillegg vert det demonstrasjon av dei ulike apparata .Vi kjem til å bli att etter at opningsfesten er over slik at folk kan få lære meir om korleis dei kan bruke apparata, opplyser Dale og Vengen.

I alt er det no over 50 slike parkar spreidd over heile landet. Tufteparken i Ulsteinvik er ein av to parkar i Møre og Romsdal. Den andre ligg i Ålesund. Men fleire parkar er under planlegging i distriktet.

Det er Lasse Tufte som er personen bak Tufteparken. Han dreiv i mange år med styrketrening, men mista etter kvart motivasjonen og tok til å leite etter alternative måtar å trene på. På YouTube kom han over videoar som mellom anna synte øvinga «Human Flag» – det menneskelege flagget. Det går ut på å halde seg fast i ein påle og løfte seg opp slik at kroppen kjem parallelt med bakken. For å kunne drive med denne forma for øvingar, laga han og kameratane han ein eigen park med ulike treningsapparat. Dette var utgangspunktet for det som i dag er kjent som Tufteparken.