Hjørungavåg er første stopp når bokbåten Epos legg ut på tur nummer 102 i Møre og Romsdal. Totalt 71 stader får besøk av båten, som er fullasta med bøker, lydbøker og boksekkar. Det fortel Møre og Romsdal Fylkeskommune i ei pressemelding.

– Vi har kulturprogram på dei fleste stoppa, som passar for barnehagebarn, litt større skolebarn og familiar, sier fylkesbiblioteksjef Annette Elin Koch.

Stoppestadane sør for Ålesund får besøk i tida 24. januar til 1. februar.

På sørturen er det skodespelar Astrid Elise Sæterøy, med «Bolletjuven og andre eventyr» som står for kulturprogrammet. Kvar finn ein Bolletjuven? Korleis ser han ut? Kan ein golvmopp bli ein prins? Desse spørsmåla, og mykje anna, får borna svar på i løpet av ein leiken halvtime med Astrid.

Som nemnt er Hjørungavåg første stopp den 24. januar, før båten tøffar over til Vartdal. Epos vil halde seg i dei indre fjordstroka før han legg til kai i Haddal om morgonen 26. februar. Seinare på dag er det Leikong som får vitjing. 28. januar er det Eiksund sin tur, 29. januar gjestar Epos Kvamsøy. Sandshamn og Gursken får besøk 30. januar og dagen etter, den 31. januar er det  Gjerdsvika og Kvalsund som står for tur. 1. mars avsluttar Epos turen på Søre Sunnmøre, etter å ha lagt til kai i Stokksund.