Songfuglen frå Sykkylven utmerka seg tidleg med si særs vakre stemme, og starta allereie i ein alder av 12 med songtimar. 14 år gammal fekk ho bli ein del av talentuviklingsprogrammet til Musikkonservatoriet ved NTNU i Trondheim. Hole Ulla var også den første kvinnelege vinnaren av TV2 sitt underhaldningsprogram "Norske Talenter", og har vore solist for ulike symfoniokrester kring om i landet, på nyttårskonsertar saman med både kor og korps, kyrkjekonsertar, jubileum og mykje anna.

Saman med Herøy Brass ønskjer ho å skape godt stemning i Fosnavåg konserthus 11. mars, gjennom konserten "Adventures in Brass".