Førstkomande laurdag er det duka for ei musikalsk oppleving i ei klasse for seg, når Knut Reiersrud Band og Trondheimsolistene spelar saman i Fosnavåg Konserthus.

Få norske musikarar har vandra breiare i det musikalske landskapet enn Knut Reiersrud. Ofte har han vore innom folkemusikken frå Noreg eller andre land, men han har alltid passa på å ha eit bein i bluesen.

Det hadde han også i 2012 då han samarbeida med Trondheimsolistene på plata Infinite Gratitude. Resultatet når Schubert og Brahms møtte Knut Reiersrud band blei eit unikt og vakkert samspel mellom klassisk musikk og klassisk blues.

Les kva Adresseavisa skreiv då verket blei framført på Olavsfestdagane i Trondheim:

«Helt rått! Gikk du glipp av konserten med Knut Reiersrud og Trondheimsolistene, gikk du glipp av noe eksepsjonelt rått!»

- Her det berre å gle seg til noko utanom det vanlege, seier Bjørn Holum ved Fosnavåg Konserthus.

Knut Reiersrud band består forutan frontfiguren av kremen av norske musikarar: David Wallumrød på piano og hammond, Bjørn Holm på el-gitar, Nikolai Eilertsen (frå Bigbang) på bass, og Andreas Bye på trommer.

Trondheimsolistene har vunne Grammy fleire gonger. Dei er faktisk også i år nominert i tre kategoriar: Best Surround Sound Album, Best Engineered Album, Classical og Best Chamber Music/Small Ensemble. Årets prisutdeling er 12. februar, dagen etter dei spelar i Fosnavåg. Dei har turnert i store deler av Europa, Asia, USA og Brasil, og har tidlegare samarbeidd med namn som Truls Mørk, Leif Ove Andsnes, Tine Thing Helseth og Ole Edvard Antonsen.