– Det har vore ein formidabel medlemsvekst dei siste åra, seier leiaren i Hareid Mållag, Einar Måseide, nøgd. Berre i fjor kunne dei notere seg for 20 nye medlemmer og laget tel i dag 113 betalande medlemmer.

Han fortel at laget har som mål å nå breitt ut til mange grupper i Hareid.

– Vi ønskjer at nynorsk skal vere eit levande språk som vert nytta så å seie frå vogge til grav. Vi har arbeidd svært systematisk opp mot barnehagane. Kvart år har vi reist rundt til dei fire barnehagane i Hareid og delt ut bokpakkar. Pakkane inneheld ti nynorske barnebøker og i samband med besøket har vi også hatt ei lesestund for borna. Samstundes har vi ein svært god dialog med dei tilsette i barnehagane der vi understrekar kor viktig det er med gode, nynorske barnebøker, fortel Måseide.

For dei eldre borna har Hareid mållag eit prosjekt der målet er at alle klassetrinn til og med ungdomsskulen skal få eigne klassesett med eit hefte med nye og eldre nynorske julesongar.

– Dette har også blitt mottatt svært godt, seier Måseide.

Rosar biblioteket

Einar Måseide vil gjerne nytte høvet til å skryte av biblioteket på Hareid.

– Vi har også hatt et kjempegodt og fruktbart samarbeid med Hareid Folkebibliotek. Kvar haust har vi invitert ein barnebokforfattar som nyttar nynorsk. Sist var dette Maria Parr. Vi har også litteraturkveldar for vaksne, også dette i samarbeid med biblioteket. Ragnar Hovland gjesta oss no sist, fortel han.

Mållagsleiaren kan fortelje at biblioteket melder om at interessa for nynorske barnebøker har auka dei seinare åra.

– Foreldre spør i større grad etter denne typen bøker, seier Einar Måseide.

Næringslivet

Det lokale næringslivet er eit anna område Hareid Mållag har satsa på.

– Vi er opptekne av at næringslivet skal nytte nynorsk mest mogleg. Samstundes ser vi at det vert stadig viktigare for verksemdene å skilje seg ut og verte lagt merke til, og då kan det å bruke nynorsk vere eit verkemiddel.

Han fortel at då han gjesta Hareid Næringsforum for eit par år sidan og fortalde om korleis mållaget kan hjelpe næringslivet til å verte betre nynorskbrukarar, var han møtt med nyfikne og ei litt avmålt interesse.

– Då eg gjesta dei i same ærend året etter var dei positive reaksjonane nesten overveldande. Det var tydeleg at bruken av nynorsk hadde blitt diskutert hos medlemmene, seier Måseide.

Flyttar Balljegòva

Eit av dei store og mest tradisjonsrike arrangementa til Hareid Mållag er den årlege Balljegòva under Hareidsstemna. Den har vore halden på Holesanden i ein mannsalder, men no ser mållaget seg nøydde til å flytte arrangementet til større lokale.

– Kapasiteten er sprengt. Dei siste åra har det vore så fullt at vi knapt har fått servert gjestene. Difor vil vi flytte Balljegòva til aulaen ved Hareid ungdomsskule, avslører mållagssleiaren.

Det neste som står på plakaten no er årsmøtet. Det vert halde på Vonheim på Bigset tysdag 14. februar.

– Då vert det høve til å få ein liten snikpresentasjon på den komande boka om hundreåringen Hareid. Vi får besøk av forfattar Asle Geir Johansen og leiar i Hareid Historielag, Finn Sindre Eliassen, som vil fortelje meir om dette interessante bokprosjektet, avrundar mållagsleiar Måseide.