«Ishavsfolk» av ein lokal forfattar blir noko heilt anna enn «Napoli-kvartetten» av Elena Ferrante, og då eg opna debutromanen til Johannes Bjarne Alme var eg spent på om søvnen ville kome fort – eller om drivet i boka ville føre meg vidare i lesinga.

Brandølingen Alme har skrive ei bok tidlegare, «Ishavsfolk si erfaring». Der har han intervjua det han kallar A-laget av attlevande ishavsfolk som dreiv ishavet frå 1950-talet og utover. Draumen om ishavet har han hatt sidan 8-årsalderen, men det vart berre ein tur til Vesterisen på han, om bord i «Polarstar» i 1992. Sommaren året etter fekk han seg ein periode som matros på same skuta då ho gjekk i turistfart ved Svalbard.

I tillegg har Johannes Bjarne Alme brukt øyrene godt i det pulserande ishavsmiljøet som har vore i Brandal, og han hadde ein far som var ein viktig informant.

Å skrive ein roman frå ishavet er eit dristig prosjekt. Men ved å gjere den aldrande skipperen om bord i «Fangstmann» sjuk, har forfattaren tatt eit viktig, dramatisk grep som gir lesaren lyst til å lese vidare.

Dei fem-seks vekene på selfangst i Vesterisen blir langt frå keisame. Skuta daskar hardt i blåisen og byrjar ta inn vatn, fangstfolk går gjennom isen, skipperen blir sjuk, og det blir storm.

Skuta «Fangstmann» er heimehøyrande i Tromsø, mannskapet om bord er ei blanding av nordlendingar og sunnmøringar, pluss ein inspektør frå Sørlandet og ein forskar frå Hedemark.

Forfattaren har eit godt grep på skildringane av dei ulike typane om bord i skuta, og i eit viktig forteljargrep gjere han nokre av dei til nærast kunstnarar i historieforteljing. Romanen har mange muntre historier om overtru, kva som kan skje under landligge, om skipperen som fekk svidde solar i ishavstønna, og om førstereisgutane som sleppte ein heil buskap laus frå ein dyretransport på ferja mellom Molde og Vestnes. Dei hadde festa litt for mykje etter å ha kome frå isen, og såg ikkje heilt konsekvensen av handlinga si.

I forordet til boka skriv forfattaren at «alt som skjer om bord i Fangstmann er dikt og lygn, og at ein eventuell likskap med nokon du kjenner i så fall er tilfeldig». Det er sikkert sant, men ein kvar forfattar treng inspirasjon, og Alme er oppvaksen i eit miljø med typar og historier det er lett å bli inspirert av.

Ishavsnæringa er mildt sagt på hell. Romanen er lagt til slutten av 1990-talet, og medan skipperen ligg i morfin-døs minnest han tida då han var ung. Slik får vi vere med på selfangstturar på 1950- og 60-talet, ei stordomstid for selfangstnæringa. Før Brigitte Bardot og dyrevernforeiningar byrja å kalle selfangsten for barbarisk og få ville pynte seg med selskinnskåper og hattar.

For folk som ikkje har vore på ishavet er boka rett og slett lærerik. Under arbeidet med dokumentarboka «Ishavsfolk si erfaring» intervjua Alme ishavslegenda Paul Stark. Etter at dei hadde snakka saman ei stund fekk Alme følgjande kompliment frå Stark: «Men førr hælvette, du har jo peiling!»

Det borgar for at Alme har kunnskap om det han skriv om.Nokre gonger kan romanforfattaren bli vel detaljert. Til dømes når han skildrar korleis ei ishavsskute er bygd. Det kan bli litt mykje spant, hudplater og pinnesveising. Også språket kunne i enkelte setningar ha vore jobba meir med.

Men «Ishavsfolk» har blitt ei spennande bok frå start til slutt. Og det er ikkje verst for ein romanforfattar som inntil han var 30 år hevar at han ikkje trudde han kunne skrive meir enn namnet sitt.