Olav Grimstad Arnesen frå Ulsteinvik er ein av dei om lag hundre elevane som sist helg flytta inn på Ørsta kulturhus.

I morgon kveld er det premiere på årets musikal  ved Volda vidaregåande skule, “The Cream of Soul”. Både lærarar og elevar har jobba på spreng for å få alt klart på scena. Mikrofonane skal testast og kamera skal setjast opp.

Fleire medieelevar jobbar med å få plassert kamera skikkeleg. Musikkelevane gjer seg klar for gjennomkjøring for første gong på scena. Namna deira blir ropt opp ein etter ein for at dei skal stille seg opp skikkeleg i koret.

Olav har allereie stilt seg opp.

– Eg skal synge og danse i årets musikal, og i tillegg har eg rolla som Johnny i John and the Johnsons, seier han medan han ventar på å starte gjennomkøyringa.

Gjennomkøyringa går ikkje heilt knirkefritt. Nokre av songane må bli sunge på nytt for at lyden på mikrofonane skal bli heilt perfekt. På tross av dette seier Olav at alt blir klart til premieren.

– Sjølvsagt blir alt klart til premieren. Folk er kanskje litt i tvil, men no er det berre litt finpussing igjen.

I morgon kveld, tysdag, er det premiere på Ørsta kulturhus. Fredag kjem musikalsirkuset til Fosnavåg konserthus.