Ung kultur møtest (UKM) blir arrangert over heile landet er eit ein av dei viktigaste møtestadene for ung kultur.

UKM er inga konkurranse, her kan ungdom få vise fram kva dei kan på ei profesjonell scene. Det kan vere alt frå song, band, kor, dans, instrument, litteratur elle rnoko heilt anna. Du kan også delta som konferansier, nettredaksjon, arrangør eller med utstilling (kunst, foto, installasjon med meir).

Eit lite utval av deltakarane blir plukka ut til å representere Hareid og Ulstein i fylkesmønstringa.

UKM er for ungdom mellom 10 og 20 år.

Dei siste åra har Hareid og Ulstein hatt felles UKM. Også i år blir dette på Sjøborg kulturhus. Dato for arrangementet er 4. mars.

Påmeldingsfrist

Fristen for å melde seg på er i kveld (onsdag 22. februar) klokka 23.00.