I samband med avdukinga av Ragnar Ulstein si byste den 16. april i fjor, vart det laga ein film. Denne vil verte vist på årsmøtet til Ulstein Historielag.

– Ragnar tek sikte på å vere til stades på årsmøtet og kanskje får vi til eit lite intervju med han også, fortel leiaren i historielaget, Aksel Hauge.

Årsmøtet, som er ope for alle som er interesserte, vert halde i kommunestyresalen i Ulstein rådhus tysdag 28. februar.

Etter dei vanlege årsmøtesakene, som Hauge reknar med vil vere unnagjorte temmeleg raskt, vert det matpause med enkel servering og loddsal.

Etter pausen vert det altså filmframsyning.

– Vi er svært glade for å ha fått med oss Ragnar Ulstein. Han er trass alt nærare 97 år gamal, seier Aksel Hauge.