Den internasjonale Kvinnedagen, 8. mars, vert feira på Sunnmøre folkehøgskule.

Det er Hareid sine KFUK-grupper som står bak arrangementet i år.

- Vi har jobba fram eit program som vi trur blir spennande! Hovudtalar på arrangementet er Jeanette Solstad Remø. Ho har alltid følt seg som ei kvinne, sjølv om ho blei tildelt mannleg kjønn ved fødselen. Ho har vore frontfigur i Amnesty si kampanje om retten til å endre juridisk kjønn, og har lenge kjempa for transpersonar sine rettigheiter. Ho har også engasjert seg i blant anna Menneskerettsalliansen, der ho har site i styret sidan 2007. Kom og høyr henne fortelje om kjønnsidentitet og kvinnekamp, oppmodar arrangørane av årets lokale 8. mars-feiring.

CorSonus syng

Det relativt nyoppstarta kvinnekoret, CorSonus, vil delta og gle tilhøyrarane med songen sin. Dei satsar friskt og allereie etter knappe 9 månader deltok dei i den landsdekkande korkonkurransen «Syng for oss» i Grieghallen i Bergen i juni 2016. Der tok dei med seg ein andreplass i kategorien for damekor.

Elles byr arrangørane på panelsamtale der deltakarane snakkar rundt temaet «Kva fridom er viktig for deg?»

- Her vil vi utfordre nokre unge, nokre som har levd litt lenger, nokon som har erfaringar frå andre land og vi håpar at dette kan verte interessant og spennande. Elles vert det matpause, utdeling av Kvinneprisen 2017, kort tilbakeblikk på betydningsfulle kvinner i historia, loddsal, humor og allsong. Vi gler oss og håpar du set av kvelden til å feire i lag med oss, melder arrangørane.

Jeanette Solstad Remø har vore frontfigur i Amnesty si kampanje om retten til å endre juridisk kjønn, og har lenge kjempa for transpersonar sine rettigheiter. Ho er hovudtalar på 8, mars-arrangmentet på Sunnmøre Folkehøgskule på Kvinnedagen.