Bandet gler seg til reunion-fest i Ulsteinvik og kvelden skal dei dele med Ålesund-bandet The Relieves.

– Vi tippar det vert rift om billettane og håper at publikum støttar opp om arrangementet, seier frontfigur i Dusty Track, Trond «Scotty» Skotheim.

Dusty Track

Etter nærare 40 år har bandet etter ein liten pause tatt opp att tråden. Det er Trond «Scotty» Skotheim og Rune Ertesvåg, som samman med Bjørn Ivar Helgesen har samla ein gjeng dyktige musikarar til dagens utgåve av Dusty Track.

I tillegg til dei tre nemnde har dei også med seg Reidar Blom på bass. Blom er også ein av dei gamle supertravarane i musikkmiljøet og Reidar «Blommen» har også spelt i det ikkje ukjende Alice fra Ulsteinvik og mange andre kjende sunnmørsband.Vidare er Rolf Inge Ambjørnsen med på gitar og vokalistane og koristene Jorun Hafsås og Mette Longva som begge har lang erfaring og flotte sangstemmer.Dagens utgåve spelar musikk frå 70-tallet, men også låter frå nyare tid, så den musikalske spreiinga er stor og utfordrande. Dusty Track er no som då eit gitarbasert band med mykje og flotte koringar i eit moderne lydbilde.

The Relieves

Relieves er Ålesunds eldste aktive popgruppe og vart starta allereie i 1966. I fjor feira dei 50-årsjubileum utan at spelegleda har blitt mindre av den grunn.

Gruppa vart tidleg kjent for sine Rolling Stones-tolkingar, ikke minst på grunn av den karismatiske vokalisten Tor Sørheim. Han døydde diverre så altfor tidleg, i 1988. Sidan den gongen er det ein annan vokalistveteran, allsidige Stein Harald Dalseth, som har vore frontfigur hos superveteranane, noko som også har resultert i eit enda meir variert repertoar. Stones er på ingen måte gløymt, men stort sett det meste og beste fra 60- og 70-talet er no inkludert i det imponerande repertoaret.Dagens besetning består av to orginalmedlemmer, Ståle Myrvågnes på bass og Håvard Almaas på trommer, i tillegg til Fredrik Clausen på gitar, Franz von Løvensprung på keybords og vokalisten Stein Harald Dalseth.