Ingen forestilte seg vel at Vesturvon skulle verte eit av verdas mest berykta piratskip då fartyet var under bygging ved Hatlø Verksted i Ulsteinvik på slutten av 60-talet.

I den nye dokumentarboka "Jakten på Thunder", skriven av dei to meritterte Dagens Næringsliv-journalistane Eskil Engdal og Kjetil Sæter, startar historia ein vårdag i Ulsteinvik i 1969.

Hekktrålaren var det mest avanserte fartyet i sitt slag som til då hadde forlatt beddingen ved verkstedet. Etter dåpen i slutten av mars 1969, gjekk ferda til Færøyane der Vesturvon innleidde ein ny æra innan fiskeri ved øyane i vest.

Etter 17 år i teneste hos færøyværingane, vart Vesturvon i 1986 solgt til eit engelsk reiarlag og skifta namn til Arctic Ranger.

"Ved inngangen til det nye millenniet tok Vesturvons stolte historie slutt. Rederiet fikk ikke fiske på kvoter i Norge, og i partnerskap med et russisk rederi ble tråleren sendt på fiske i Barentshavet, denne gangen under navnet Rubin.

Fra Barentshavet forsvant skipet, som senere skulle bli kjent som Thunder, inn i en malstrøm av fordekte eierselskaper, bisarre skipsregistre og lyssky ekspedisjoner", heiter det i boka.

I boka følgjer vi den unge kapteinen Peter Hammarstedt i miljøorganisasjonen Sea Shepherd. Under eit tokt i Antarktis får han brått auge på Thunder. Trass i at dei er i eit av verdas mest avsidesliggande havområde, 15 dagar frå næraste hamn, tek han opp jakta på den berykta skuta som er etterlyst for å ha drive omfattande rovfiske.

Det er forlaget Vigmostad & Bjørke som har gitt ut boka.

"Jakten på Thunder er en medrivende dyphavsthriller. Forfatterne følger den intense nervekampen mellom de to farkostenes kapteiner, samtidig som de tar opp jakten på mafiaens bakmenn. Vi får innblikk i en verden av enorm fortjeneste og skjulte eiere, mafia og rovdrift på mennesker og natur. Boken har vakt internasjonal oppsikt og ble solgt til en rekke land før den var ferdigskrevet", skriv forlaget i ei pressemelding.