Framfor 180 deltakarar på konferansen i Molde fredag, fekk Lene og Øyvind Havåg frå Leikong overlevert den gjeve prisen frå Bondelaget.

Et ønskje om berekraftig kosthald med ærleg mat, reine, kortreiste råvarer som følgjer sesongane er bakgrunnen for familien Havåg sitt år med berre norsk mat på bordet. Med nysgjerrigheit og kunnskapstørst delar dei sine opplevingar gjennom året med norsk mat på ein eigen blogg, www.norgesmatfat.no.

– Lene og Øyvind Havåg har gjort det synleg for oss alle kor mykje arbeid som ligg bak kvart enkelt måltid, fra råvara blir produsert til maten ligg ferdig på tallerkenen, sier leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes.