Konferansierane Iver Fiskaa Ødegård, Oscar Bratli og Tarjei Torgersen tok godt i mot publikum til det som skulle bli ein veldig flott kveld i Sjøborg kulturhus. Lokale talent innanfor musikk, dans og kunst fekk utfalde seg, og det er ikkje til å legge skjul på at både Ulstein og Hareid har fantastisk mykje bra i emning innanfor kulturlivet. Alt i frå gåsehudframkallande songprestasjonar til fengjande dans kunne ein sjå framført på scena, og i gangen utanfor kunne ein sjå flotte kunstverk frå unge kunstnarar.

Først ut på programmet var Michal Grzybowski (Hareid) som spelte sin sjølvkomponerte "The Forest". Så framførte dansegruppa "The Three Beats" frå Ulstein, beståande av Agnethe Strandebø Moltu, Johanne Dimmen Gjerde og Tiril Refsnes, ein stilig dans, med ein mix av hip-hop, jazzballett og turn. Sara Helen Ulstein (Ulstein) framførde så songen "First", på flott vis. Ida Brevik viste så flott stemmeprakt då ho song songen "Someone Like You". Så var det tid for litt norsk song, då hareidsjentene Andrea Holstad Grimstad og Kristine Utgård Rolfsrud kom på scena og framførde "Kid i 2095".

Frå saksofon-virtuos til kunstutstilling

Den flinke unge saksofonisten Boris Leenders (Ulstein) framførde så songen "May The Force Be With You", komponert av sjølvaste John Williams, for Star Wars, før Erica Solhjem (Ulstein) song "When I Was Your Man". Neste ut var Karoline Lynge og Iver Fiskaa Ødegård (Ulstein) som song og spelte gitar til songen "I'm Not The Only One".

Marte Konstanse Torgersen (Ulstein), som har vore med som konferansier tidlegare, framførde Sondre Justad-slageren "Riv i hjertet". Så vard et tid for ein av mange "højdarar". Thomas Frekøy Skeide (Ulstein) imponerer stadig, og hans tolkning av Billy Joel-klassikaren New York State Of Mind" var intet unntak.

Så kom Stine Longva Veddegjerde (Hareid) på scena, og introduserte sin film "Galejenta". Etter filmframsyninga var det klart for pause, og då hadde publikum sjansen til å få med seg den flotte kunstutstillinga. Kunstnarane som stilte i år var Tiril Refsnes (Ulstein), Stine Longva Veddegjerde (Hareid), Tuva Høybakk (Hareid), Tina Ambjørnsen Knotten (Hareid), Siri Ballo Sørnes (Ulstein), Pritty Ravi (Hareid), Malin Bø Nevstad (Hareid), Michelle Bø Nevstad (Hareid), Katrin Skodjevåg Sundgot (Ulstein), Lise Susanne Hjørungdal (Ulstein), Jenny Warholm Engh (Ulstein), Henrikke Antonsen (Ulstein), Hafiz Rezai (Hareid) og Niels Leenders (Ulstein).

Frå Guetta til The Entertainers

Etter pausen var det Mot-Squad som framførde ein dans, før ordførar og MOT-leiar i Ulstein kommune, Knut Erik Engh, kom fram på scena og takka for eit flott UKM så langt, og fortalde litt om MOT sitt arbeid. Neste på programmet var ein skikkeleg gåsehudframkallande prestasjon av Jakoba Solvang. Ho framførde songen "Titanium", monsterhiten til David Guetta. Adriana Iaguzhinskaia framførde så, med stor bravur, songen "Million Years Ago".

Så var det tid for litt spelmusikk. Eirik Pedersen viste ferdigheitene sine på tangentane då han spelte slutt-temaet til Pokémon Emerald. Mathilde Johansen kom så fram og song "Just Give Me A Reason", på fint vis. Så var det klart for ein flott duett, då Martin Svendsen Dimmen og Emilie Hjelle Skeide gjekk saman og song "A Team". Liv Ellen Overå løfta så stemninga endå nokre hakk til då ho på mektig vis song "Take Me To Church".

Så var det klart for eigenkomponerte danserytmer, ved dyktge Oda Hauge. Simon Skeide var så nesten som Ed Sheeran der han framførde "Say You Won't Let go" av James Arthur. Ei smilande og glad Denisa Constaninescu framførde så "Counting Stars", før Åsa Hauge avslutta songnummera med si framifrå tolking av Paul McCartney sin udødelege "Yesterday".

Men, eit musikkstykke stod att. The Entertainers, beståande av Acsharan Senthilkumar (klarinett), Frida Pedersen (valthorn), Ivar Døving Molvær (tuba), Per Moldskred Nytun (trommer) og brørne Johannes (kornett) og Sebastian Kaul (piano), imponerte som siste nummer for dagen. Dei spelte musikkstykket "St. James Infirmary".

Mange flinke i kulissane

Med det var årets UKM over, og både Ulstein og Hareid kan vere stolte over at så mange flotte talent er å finne her.

I media-redaksjonen til UKM for Ulstein og Hareid fann ein Silje Marie Myhre Eltvik, Katrin Skodjevåg Sundgot og Ina Johansen.

Arrangørane var, frå Ulstein; Tobias Vedeld Solvang, Aurora Dimmen Bratli, William Seljeseth, Rebecca Vartdal, Tarjei Torgersen, Steffen Anderson, Martin Fiskaa Ødegård, og frå Hareid; Thea Gjerde Rise, Zackarias Lillebråten, Jonas Folgerø Sandnes og Sander Korsnes.

Kven som skal representere Ulstein og Hareid i fylkesfinalen av UKM bli klart anten søndag eller måndag, kan to andre viktige folk blant arrangørane, Annika Brandal frå kulturkontoret i Ulstein, og Marie Flatin i MOT, opplyse om.