Etter ein flott UKM-kveld på Sjøborg laurdag er det no klart kven som får tilbod om å representere Ulstein og Hareid i fylkesmønstringa, som blir arrangert i Midsund frå 31. mars til 2. april.

Sjå også: Gnistrande godt UKM

Sceneinnslag frå Ulstein:

* The Entertainers (musikk - jazz) som består av: Acsharan Senthilkumar, Frida Pedersen, Ivar Døving Molvær, Per Nytun Moldskred og brørne Johannes og Sebastian Kaul. Denne gjengen framførte «St. James Infirmary» med instrumenta klarinett, valthorn, tuba, trommer, kornett og piano.

* Oda Hauge (dans – hip hop). Oda stilte med hip hop-dans som ho har koreografert sjølv til låta «Little Bit Of This».

* Åsa Hauge (song - pop). Åsa framførte den klassiske poplåta «Yesterday» med sin eigen vri.

Sceneinnslag frå Hareid:

*Michal Grzybowski (musikk – piano), som framførte eigenlaga instrumentallåt med tittel «The Forest».

*Stine Longva Veddegjerde (film). Stine viste sin sjølvlaga film med tittel «Galejenta». Ho har sjølv alle rollene som filmskapar, kamera, skodespelar og manusforfattar.

*Liv Ellen Overå (song – pop). Liv Ellen framførte låta «Take Me To Church».

Juryen for scene understreka at det var vanskeleg å skulle velje ut berre tre sceneinnslag frå kvar kommune med så mange gode innslag på programmet.

Juryen som vurderte utstilling melder også om at det var mange gode bidrag. Valet fall på følgjande.

Utstilling frå Ulstein:

*Niels Leenders (måleri) med kunstverket «Arrival of death star».

*Siri Ballo Sørnes (måleri) med kunstverket «Between the worlds».

Utstilling frå Hareid:

*Tina Ambjørnsen Knotten (maleri) med kunstverket «Eit åpent møte».

*Tuva Høybakk (maleri) med kunstverket «Den mystiske rødtoppen».

Nytt for i år er at jury og arrangør kan nominere deltakarar innanfor media, unge arrangørar og konferansierar. UKM fylket avgjer endeleg om dei nominerte får tilbod om å ta del på årets fylkesmønstring.

Følgjande er nominert frå Ulstein innanfor desse kategoriane:

*Iver Fiskaa Ødegård (konferansier)

*Ina Johansen (media)

*Martin Fiskaa Ødegård (arrangør)

Arrangørane Marie Flatin, Annika Brandal og Aurora Dimmen Bratli (lærling) ved kulturkontoret i Ulstein er godt nøgde med årets lokalmønstring.

– Det er alltid noko som kunne gått betre, og vi lærer frå år til år. Alt i alt er vi godt nøgde med arrangementet og har fått fleire gode tilbakemeldingar frå deltakarar og publikum, kommenterer dei.

Dei ønsker å trekke fram innsatsen til deltakarane innanfor UKM Media og konferansierane:

– Kjekt at vi hadde med fleire innanfor desse kategoriane i år.

Kulturkontoret rosar også den gode innsatsen dei mange unge arrangørane gjorde:

– Fleire av dei har stått på også i forkant av sjølve arrangementsdagen og dei gjorde ein solid innsats frå morgon til kveld laurdag.

Når det gjeld bidraga innanfor scene og utstilling meiner dei juryane hadde ein tøff jobb, og dei skulle gjerne sendt fleire ungdommar på fylkesmønstring om muleg.

– Men vi må forholde oss til den kvota kvar kommune har. Vi gler oss over at vi har mange dyktige ungdommar i våre to kommunar. Deltakarane som no er valt ut til fylkesmønstring er gode representantar for vårt kulturelle mangfald, avsluttar dei.