Simon Gjerde Tonev frå Hareid har vore både regissør og produsent for kortfilmen "The Letter". Store deler av filmen er spelt inn på Kvitneset, og fleire av skodespelarane i filmen er lokale ungdomar.

- Krig gjer folk dyriske

Gjerde fortel at han har produsert filmen fordi han har lyst til å fortelje ei intens, brutal og urettferdig historie om krig. Korleis krig endrar eit menneske til noko dyrisk, og korleis krig påverkar pårørande.

– Eg har eit sterkt ynskje om å skape noko provokativt, noko som syner kva slags vanvettige ting menneske kan gjere med kvarandre. Folk er folk uansett kvar dei kjem frå, og det er dette eg har lyst til å få fram, seier han.

The Letter vart utgitt 17. februar gjennom nettpremiere på You Tube. Filmen har på 1,5 veke oppnådd over 5000 visningar, og det aukar for kvar dag som går.

- Planen vidare for filmen er å kasten han rundt og sende han over alt for å nå ut både på filmfestivalar nasjonalt og internasjonalt. Vi har store ambisjonar og er svært spente på kva vi kan oppnå med denne filmen, seier Simon Gjerde Tonev.

The Letter er no nominert til "Amandus Internasjonale Studentfilmfestival, ein av dei største norske filmfestivalane for ungdom og studentar. Til denne festivalen kjem det filmstudentar frå skular frå heile verda. Filmen til Gjerde Tonev er nominert i kategorien Amandus UNG - Beste fiksjonsfilm - saman med ti andre filmar.

Skodespelarar i 2The Letter" samla under innspelinga på Kvitneset.