Med tematikk som femner om alt frå amerikansk valkamp, via kommuneøkonomi og heilt inn i sjukehussenga jobbar om lag 20 ivrige revyartistar og medhjelparar med det som skal verte årets Dimnarevy på Dimna Grendahus. Torsdag 30. mars er det teppefall for den første av fem framsyningar, og sjølv om premieren no nærmar seg fort, ligg det meste til rette for at det skal verte nokre artige kveldar på Dimna.

– Offa då! No må du skrive noko kjekt om oss, får underteikna beskjed om frå Cecilie Pedersen, Grethe Siglevik og Wenche Markussen, som er med i «Offa då.. «Korr» kjekt med he det», sketsjen som også gir namn til årets revy.

Har jobba sidan september

Det er framleis ein del arbeid som står att før publikum blir inviterte inn, men Dimnarevyen har allereie jobba lenge med førestillinga.

– Vi byrja med dette tidleg i haust, i september tenkjer eg. Du må hugse at vi skal fylle to timar, og det med stoff der vi skriv alt sjølve, fortel Trude Gurskevik Knotten.

Heimesnikra

– Alt er hundre prosent heimesnikra. Vi gjer alt sjølve, bortsett frå at vi lånar nokre melodiar som andre har laga. Men når vi er ferdige med dei er det ingen som kjenner dei att likevel, ler Steffen Frøystad, Torgeir Grimstad og Svein Børre Dimmen, som enn så lenge har gymsalen på grendehuset for seg sjølve.

Gurskevik Knotten fortel at det er mange timar og mykje innsats som ligg bak årets revyframsyning.

– Ein ting er skrivinga, men først må vi ha ideen, deretter må vi finne ut kva vi kan gjere rundt temaet. Vi prøvar ut mange variantar, og no når det nærmar seg så byrjar det verkeleg å forme seg til det som publikum får sjå, fortel ho.

Inspirasjonen har Dimnarevyen henta både i nærområdet, men blikket har også vandra ut til meir internasjonale affærar.

– Det spenner frå amerikansk valkamp til det som skjer i di eiga stove. Det skal passe for alle, uansett kvar dei kjem frå. Det skal også vere familieframsyningar og innhaldet skal passe både for unge og gamle, slår Gurskevik Knotten fast.

Dimnarevyen står for alt av produksjon, også lyd og lys.

– Det finst jo mange profesjonelle på det området, men ein ting er at det kostar, noko anna er at til ei revyførestilling så er det ikkje berre å leige inn nokon for å mikse lyd. Ein skal ha mikrofonar til alle, det er raske sceneskifte og dei som styrer lyd og lys må kjenne tekstane, dei må vite om alt som skal skje, forklarar Gurskevik Knotten.

Tøff konkurranse

For alle som har ei eller anna rolle inn mot revyen blir det nokre hektiske veker fram mot premieren, og Dimnarevyen er også spente på interessa frå publikum. Håpet er fulle hus på alle førestillingane, men Trude Gurskevik Knotten legg ikkje skjul på at dei møter knalltøff konkurranse om publikummarane.

– Med alt som skjer på Sjøborg, på Fosnavåg konserthus og alt sånt, med nasjonale kjendisar og artistar, så er det stor konkurranse om publikum. Difor er vi kjempespente på om vi får selt billettar, for folk kan ikkje gå på absolutt alt. Vi håpar likevel at folk stiller opp på Dimnarevyen. Det blir kanskje ikkje like proft som på ei nasjonal scene, men eg trur dei som kjem hit vil kome til å kose seg skikkeleg. Eg kan garantere at det blir mykje å le av! lovar Gurskevik Knotten med eit smil.

Håpar på å fylle salen: Sundag var det berre Steffen Frøystad, Torgeir Grimstad og Svein Børre Dimmen som var på plass i gymsalen på Dimna skule, men dei tre har godt håp om mykje selskap når Dimnarevyen opnar for publikum 30. mars. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes