I Haddal har dei leita fram rosa paljettar, sveittebuksa og smokingen og ber inn til korps-kafé.

Sidan januar i år har Haddal skulekorps øvd på slagerar frå 80-talet. Dei starta med kickoff på Fjellsætra, der dei hadde øvingshelg. Og sjølvsagt var det tid til å vere sosiale i lag også.

– Korleis kom de på å ha 80-talet som tema?

– Det var ungane sjølve som sa kva songar dei ville spele, og då me kom fram til at 80-talet var tema vart me foreldra gira, fortel Lene Moldskred Nygjerde, Annika Ringstad Kleppe, Christin Myrene og Marita Aasen Håheim engasjert.

Prominente gjestar

Arrangørane legg opp til at det skal vere ein morosam kveld. Me som levde på 80-talet vil dra kjensel på ein del prominente gjestar som dukkar opp. Bitten og Reidar kjem, det gjer også Bobbysocks og Kids med «Forelska i lærer`n».

Solist frå Idol

Even Sævik er med korpset som solist på fleire av songane. Han har vore med i Idol, sunge med Ulstein Storband og Herøy Brass og fekk for nokre år sidan Drømmestipendet.

– Even er ein ung, kjekk herøyværing, slår Moldskred fast.

Vesle bonden på 80-talet

Kvar 17. mai i Haddal les Knut Arne Høyvik opp Den vesle bonden. Det er finurlege betraktningar om livet i bygda.

På korpskafeen førstkomande sundag kjem han med Den vesle bonden frå 80-talet. Han vil fortelje litt om kva som skjedde i bygda på den tida.

Moteshow

Om publikum vil børste støvet av kleda frå 80-talet og kle seg opp må dei gjerne det. Kanskje nokon kjenner for å spraye håret høgt? Men ingen tvang. Folk får kome seg dei er.

Men korpsmedlemene og ein god del av foreldra vil kle seg i tidsriktig habitt. Og der blir moteshow så dei riktig får vist seg fram, og publikum kan mimre.

Og det blir sjølvsagt mange gode kaker å få kjøpt og det blir loddsal. Alt for å skape ein triveleg ettermiddag i Haddal, og pengar til korpskassa.