Sist helg var det premiere på Skjønnheten og udyret. Disney har laga ein ny film av teiknefilmklassikaren frå tidleg på 90-talet. Denne gongen er det Emma Watson som speler hovudrolla Belle. Mange hugsar nok Watson som Hermine i Harry Potter-filmane.

Filmen har hatt ei fantastisk opningshelg både i USA og her i landet. I Noreg har det vore over 100 000 besøkande premierehelga, fortel kinosjef Kristine Brungot.

På Sjøborg kino har filmen vore godt besøkt sidan premieren sist fredag. Kinoen har hatt fem framsyningar med fulle hus.

Førebels er filmen sett opp med seks framsyningar til, men kinosjefen lovar at filmen vil bli vist så lenge publikum vil sjå han.

Mykje på programmet

Det er for tida mange "små" og "store" filmar som skal ha plass, noko som kan vere litt utfordrande med berre ein sal.

Andre filmar som går godt for tida er "Karsten og Petra – Ut på tur", "Logan: The Wolverine" og "Ishavsblod".

Og til helga får dei to nye filmar på plakaten.

– Her er mykje å velje mellom, litt for ein kvar smak, slår Brungot fast.