Som NRK Sogn og Fjordane beskreiv det, filmen «The Letter» tok storeslem på Sogndal filmfestival. Bak Tonev films står regissør Simon Gjerde Tonev frå Hareid. Tonev og i alt 26 andre unge frå Hareid og omegn har laga filmen i løpet av dei to siste åra. Det skriv NRK Sogn og Fjordane.

Som Vikebladet Vestposten har skrive tidlegare, har regissøren betalt for innspelinga og prosjektet i sin heilskap av eiga lomme. «The Letter» var også den lesarane til NRK Sogn og Fjordane likte best, då den fekk 16,8 prosent av stemmene i ei avstemming.

The Letter vart utgitt 17. februar gjennom nettpremiere på YouTube. Videoen har til no blitt sett av over 6.000.