Utstillinga inneheld rotteskulpturar, laga av kunstnaren Bjarne Melgaard, og blir den første ordinære utstillinga i galleriet som held til i landet sin smalaste bygard, midt i Ålesund sentrum.

- Vi gler oss til å opne Norges smalaste galleri med Melgaard, som av mange reknast som Norge sin største nolevande kunstnar, seier gallerist Hugo Opdal.

Lokalet i den freda bygarden midt i gågata i Jugendstil-byen er berre 2,24 meter innvendig.

Utstillinga er også viktig symbolsk, fordi den innleier eit nytt samarbeid mellom den Flø-baserte galleristen Opdal og Oslo-galleriet Rod Bianco. Same år som Bjarne Melgaard fyller 50 år, er den norske kunstnaren i vinden som aldri før.

Nyleg opna Melgaard to utstillingar i New York. Han er også for tida aktuell med utstilling på Rod Bianco i Oslo.

- No er det publikum på Sunnmøre sin tur til å møte ny kunst frå Melgaard. Kunstnaren er også aktuell med boka «Bjarne Melgaard», som oppsummerer karrieren i perioden 1996-2015, fortel Hugo Opdal i ei pressemelding.