- Bakgrunnen for denne videoen er at vi ønskjer promotering framfor konserten vår. Koret vårt ber preg av mange som ler mykje, vi har det knakande kjekt på øving og er lite sjølvhøgtidlege. Vi tenkte då at ei litt utradisjonell og sprek marknadsføring hadde vore kjekt å få til! Då kona til dirigenten er filmprodusent er det nærliggande å lage ein reklamefilm. Vi kan røpe at filmskaparen vår, Camilla Tangen Nanseth, lagar fleire godbitar som skal nyttast under konserten vår. Det er berre å glede seg, fortel Iris Kristine Tangen Nanseth til Vikebladet Vestposten.

Robbel & beat

CorSonus er altså klare for å servere ein konsert der koret vil formidle rubbel og bit av det som står på den musikalske menyen, derav tittelen på konserten, "Robbel & Beat".

- Koret kan by på ein kveld med melodiøse, harmoniske og energifylde musikkopplevingar! Dei ulike sjangrane du kan forvente deg er populærmusikk, folketonar, viser og tradisjonsmusikk. Koret tel 39 damer i sin beste alder, alle med ulik musikalsk bakrgrunn og dei er drivande dyktige, skriv koret på si Facebook-side.Fleire gjestemusikararKoret har med seg fleire musikarar som skal bidra til eit flott lydbilete i Hareidhallen. Fiolinist Leiv Arne Nydal, som ifølgje CorSonus har ei stødigheit og ein velkjend "snert" på fiolinen, blir ein av desse. Børre Lervåg Dalhaug frå Ålesund bidreg på slagverk, Kristian Lade frå Sykkylven, og mellom anna medlem i Big Odd Band, skal spele piano. Bjørn Helge Lervåg frå Ålesund skal traktere bassgitaren, og er kjend frå både "To tette og ei badehette" og "Horizons Project", der sistnemnde er plateaktuell i desse dagar. Iris Kristine Tangen Nanseth, som har dirigert koret sidan det starta opp i 2015, er sjølvsagt også med.

Sjå video i toppen av saka. Video/klipp ved Camilla Tangen Nanseth/Nanseth Media.