Ordspion Lurivar i Aasen-tunet får eit nytt mysterium å løyse, og borna blir med på kattekrumspring omkring i det svære Fehn-bygget. Det blir også påskeverkstad med ulike aktivitetar måndag, tysdag og onsdag i neste veke.

Lurivar har ein koffert full av favorittbøker han skal lese for borna. Men då han opnar kofferten, er han tom. Nokon har teke bøkene til Lurivar! Kvar kan dei ha blitt av?

Lurivar og borna må på bokjakt i Aasen-tunet. Dei tek med lommelykter og leitar i den mørke kjellaren, kattesnik seg mellom hyllene i biblioteket og leitar høgt og lågt inne i utstillinga. – Vi oppmodar publikum om å tinge billett på førehand, sidan det er avgrensa plassar på kvar bokjakt, seier programansvarleg Monika Haanes Waagan i Aasen-tunet.

Etter jakta blir det påskeverkstad der borna får lage fargerik og stilig påskepynt.

Maria Halseth har rolla som Lurivar og Synne Marie Lillenes er hjelparen hans. I kafeen får du Lurivars lure vaflar og mykje anna godt. Butikken har også eit breitt utval av nynorske barnebøker.