Studio Hugo Opdal er ti år i år.

– Det har vore ti fantastiske år! Dei to siste åra har vore ekstra krevjande, så eg set stor pris på, og er avhengig av, denne støtta, seier gallerist Hugo Opdal.

Banksjefane Melinda Skeide og Nina Holm Sundgot vil ikkje røpe kor stor sum dei sponsar galleriet på Flø med, men seier det er eit «betydeleg beløp.»

Kunst er smalt, seier Opdal og fortel at det er ekstra krevjande å få inntekter på verksemda no i desse nedgangstidene, både når det gjeld sponsorkroner og sal av kunst.

Sparebanken Møre synest tilbodet på Flø er så flott at dei vil gjere sitt for å bidra til at tilbodet består, også framover.

– Hugo er så ettertrakta at om me ikkje passar på, kan han forsvinne til andre stader, seier Nina Holm Sundgot.

Sist laurdag opna Opdal galleri i Ålesund, og han er også involvert i eit galleri i Oslo. Dette gjer han for å ha fleire bein å stå på. Han forklarer at han ikkje berre kan sitje på Flø og vente at kunstnarane kjem til han. Men det er det også mange som har gjort.

– Det er heilt unikt det tilbodet som er her ute. Hit kan folk kome å oppleve verdskjende stjerner, seier Nina Holm Sundgot.

Opdal og banken er samde om at galleriet på Flø skal vere eit lågterskeltilbod. – Dette er kunst til folket, seier dei.

Opnar jubileumsutstilling

Den 14. mai opnar Opdal jubileumsutstilling med mange av dei store kunstnarane som har stilt ut i galleriet hans opp gjennom desse åra. Bileta er måla spesielt til Flø. Motiva til Sverre Bjertnæs er heilt tydeleg frå kysten, og Bjarne Melgård har late seg inspirere av grønfargen på Flø.

Og i september blir det igjen Go With the Flø.