Styret i Pilskog og Overå Vel arrangerte den årlege påskeeggjakta søndag 9. april. Totalt 140 born i alderen 0-13 år var påmeldt arrangementet og alle dei påmeldte borna kom sjølv om det var litt kjølig og regn i lufta. Vi fekk hjelp av 4 jenter i 4. klasse ved Hjørungavåg skule til å gøyme dei små påskeegga rundt om kring på leikeplassen som alle borna seinare skulle finne. Påskeharen hadde sin fulle hyre med å dele ut 140 stk store påskeegg fulle med godteri i bytte med dei små påskeegga. Borna som deltok var svært nøgde med eggjakta og sovna truleg om kvelden med eit smil om munnen, då dei hadde sikra seg påskeegget fullt med godteri til påske.

Det var totalt mellom 300 og 350 personar som møtte opp på arrangementet. God prat og noko å bite i med frukt, gulrot (haren sin livrett), fruktsalat, kaker, gjærbakst, saft og kaffi. Som alltid på våre arrangement er alt gratis. I tillegg har vi fått statlege midlar - drøye 10.000,- til å dekke våre utgifter. TUSEN TAKK til alle som har vore med på dugnad med å pynte med ballongar etc, bere bord, vaske bord / benkar , lage kaker og gjærbakst, lage utstyr til leikane og innkjøp av påskeegg som kom flybåren frå USA.

Vi hadde og gode "gamle" leikar som sekkeløp, spikre med hammar konkurranse, kaste på boks og eggeløp . Leikane var ein SUKSESS . Vi fekk god hjelp av mange born og eit par vaksne med leikane og til å dele ut premiar til borna. Tusen tusen takk til harane, både store og små – kjempeflinke!

Gode opplevingar ilag, trivsel og samhald på tvers av alder er vårt mål. Arrangementa våre er for born og vaksne som bur i Hjørungavåg.

God påske frå styret i P.O. Vel

Hilde Johansen, Yvonne Øvrelid Breivik , Irene Overå, Karsten Hatløy, Per Ove Riste og Ragnhild Nedrelid